Tilbakelent perfeksjon
I.P.A. kjem med ein solid manifestasjon.
Atle Nymo, Ingebrigt Håker Flaten, Håkon Mjåset Johansen, Magnus Broo og Mattias Ståhl utgjer I.P.A.
Foto: Pawel K. Kozminsk
Jazz
I.P.A.:
Grimsta
Magnus Broo, trompet; Atle Nymo, tenorsaksofon og kontrabassklarinett; Mattias Ståhl, vibrafon og sopransaksofon; Ingebrigt Håker Flaten, bass; Håkon Mjåset Johansen, trommer. Cuneiform Records
Med den sjette plata manifesterer I.P.A. seg som eit av dei friskaste banda på den nordiske jazzscenen. Tre år har gått sidan dei gav ut Bashing Mushrooms, og dei fem musikarane har vore travle på kvar sin kant, men kjemien er her enno i full mon, og komposisjonane dei har teke med seg i studioet, er forfriskande i alt sitt mangfald.
Framleis er den musikalske inspirasjonskjelda Don Cherry, Ornette Coleman og Eric Dolphy. Sistnemnde har nok inspirert Magnus Broo på opningssporet «Ballet». Her blir melodiske fragment som ein trur ein dreg kjensel på, sveiste saman til ein original konstruksjon på beddinga av eit skiftande pulserande rytmisk underlag der Håkon Mjåset Johansen bidreg med eit svært poengtert trommekor.
Cherry er meir til stades i tittellåten «Grimsta» (Broo) og Atle Nymos «Flow for Feste». Båe komposisjonane har i tillegg tydelege referansar til vestafrikansk musikk. Ståhl har komponert ein av dei store overraskingane på plata, den korte god natt-låten og Strayhorn-hyllinga «Stray». Minst like fascinerande er Nymos «Epic», som med sine kontrastar og lause samanføyingar berre syg til seg merksemd. Her får bandet utfalda seg solistisk, og koret til Broo er komposisjonen i destillert form.
Arrangementa er i stor grad utvikla i studio og gjev musikken eit spontant preg. Flaten og Johansen er i tillegg så samspelte at alle rytmiske krumspring er som ein rusletur i parken. I avslutningslåten med den misvisande tittelen «Pop» tonar det heile ut med eit dommedagsvarsel skapt av kontrabassklarinetten og kontrabassen. Kanskje eit lite apropos til «Go Greta» frå førre plate?
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.