JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Tilbake til Orlam

For verkeleg å få eit rikt utbyte av den nye plata til PJ Harvey, bør du skaffe deg boka ho gav ut i fjor.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
PJ Harvey frå ein konsert i Mexico by i 2017.

Foto: Eduardo Verdugo / AP / NTB

3623
20230707
3623
20230707

Rock

PJ Harvey:

I Inside the Old Year Dying

Partisan

Sidan det vert nokre stiar og skogsvegar på meg denne sommaren, er nok sjansane gode for at det nye albumet til PJ Harvey kjem i tankane meir enn éin gong. Det går nemleg ei naturpoetisk åre gjennom songsyklusen, med ein biletbruk som her og der kan få deg til å sjå noko du har sett så mange gonger før, med eit nytt blikk.

Kanskje kan ein seie at det er som om naturen kjem til live gjennom ei form for åndeleggjering. I Harveys verseliner får vi auge på kvisten som utan lauvet gir frå seg eit sukk: «Lorn of leaf/ twiddicks sigh», heiter det i «August», det tiande sporet på I Inside the Old Year Dying.

Songteksten er identisk med eit dikt, meir spesifikt det sjuande i «August», den åttande delen av Orlam, boka Harvey gav ut i fjor. Og slik er det med alle tekstane på denne nye plata – dei har alt eit liv mellom to permar. Artisten sjølv kalla albumet eit lydspor til boka i eit nyleg intervju.

Dorset-dialekt

Då utgivinga vart annonsert, var det mange som spekulerte på kva det går i med omslaget, som er pryda av eit fotografi av ein kvist som ligg og kastar skugge på det som liknar The Beatles-albumet The White Album, men med namnet til Harvey prega inn i sjølve teksturen – ei innpakking som altså gir meining om ein er utstyrt med Orlam i møte med dette materialet.

Om du stussar på ordet «twiddicks», er du nok ikkje åleine, for heiter det ikkje «twigs»? Ikkje på Dorset-dialekt, som alle tekstane her er skrivne på, og no altså framførte på. Harvey byggjer på og dreg inspirasjon frå sin eigen oppvekst i landlege omgivnader i Sørvest-England, i West Country, og både Orlam og no I Inside the Old Year Dying er djupt forankra i landskapet og folkloren som tilhøyrer regionen.

Boka plasserer dialektorda side om side med moderne engelsk for å gjere det lettare for lesaren å følgje med og vert dermed også til stor hjelp for lyttarar som måtte ønskje å fordjupe seg i desse nye songane og plassere dei inn i ein større samanheng.

Ei eiga verd

Orlam følgjer årstidene, med ein poesi som har ei samlande, narrativ retning, og med eit rikt karaktergalleri og univers det ikkje er plass til å gå inn i her. Dermed er desse nye songane ganske annleis enn dei vi kjenner frå dei formidable platene Harvey sist gav ut, The Hope Six Demolition Project (2016) og Let England Shake (2011) – det politiske, historiske og estetiske grunnstoffet er forankra i det lokale og det heimlege, og eit tilhøyrande flettverk av allusjonar og referansar.

Det er ikkje til å komme forbi at lyttaren, om han fordjupar seg i Orlam, som er utstyrt med notar, og gjer greie for ord og namn frå lokal flora og fauna, og folklore, etymologi og litterære kjelder, vil få ei heilt anna og rikare oppleving av I Inside the Old Year Dying, og då langt utover bruken av dialekt. Ei heilt eiga verd opnar seg, og det på ein måte som vel manglar sidestykke.

Konsertane PJ Harvey skal ha i Oslo i slutten av oktober, vart selde ut før eg eingong hadde høyrt om dei, og det vert spennande å sjå korleis ho integrerer dette materialet i repertoaret. Det er ei heilt anna røyst vi møter når vi trer inn i verda til niåringen som spelar ei så viktig rolle i Orlam, enn i imperiekritikken som utfaldar seg i songane på Let England Shake.

PJ Harvey går sine eigne vegar, tek kunstnarskapet sitt i stadig nye retningar – og har med rette ein heilt unik posisjon i det kulturelle landskapet.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis