Musikk
Tilbake til Memphis
Kevin Morby har laga si beste plate så langt.
Kevin Morby er til å kjenne att på den nyaste plata.
Pressefoto
Endeleg vert den gåverike røysta Jeff Buckley (1966–1997) heidra på skikkeleg vis i ord og tone, i «Disappearing» og «A Coat of Butterflies», to av fleire høgdepunkt på This Is a Photograph, det nye albumet til Kevin Morby. Dei som har levt lenge nok, minnest sjokket då Buckley forsvann i bølgjene i Mississippi-elva under arbeidet med det som skulle verte andreplata, ei tragisk hending som Morby sirklar rundt utan å gå seg vill – ein er alltid i likvaka til nokon, syng han, «you’re singing while you’re sinking in sand».
Det er fint gjort, i ein elegi som fort kunne ha vorte noko klein, men som heldigvis ikkje er det, og som passar fint inn på dette albumet. This Is a Photograph er ei Memphis-plate, skriven og komponert i rom 409 i the Peabody Hotel, mellom spaserturane Morby hadde i ein av dei mest sentrale musikkbyane i USA.
Referansar
Albumet er dermed heimsøkt av historiske personar, stader og hendingar, utan at det nokon gong vert tilgjort eller stivt, noko som fort kunne ha skjedd med ein artist mindre talentfull enn Morby. Nokre gonger dreier det seg om små allusjonar, andre gonger om opne, utvitydige referansar, til alt frå bandet Big Star til musikken som voks ut frå platestudioet Stax – for å nemne noko.
Kanskje kan ein seie at arbeidet med This Is a Photograph først tok til då faren til Morby vart dårleg og måtte til sjukehus midt i eit måltid, under eit besøk i barndomsheimen i Kansas City. Han kom seg heim igjen, men i nokre timar då alt var uvisst, vart sonen sitjande med ei øskje med gamle fotografi, mellom dei eit av far sin, frå ei tid då han var ein ung mann full av kraft og med framtida føre seg og hadde noko usårleg over seg. Opplevinga, og ikkje minst det konkrete biletet, opna det Morby kallar «eit vindauge til fortida», og la til rette for ein type refleksjon over liv og død fleire lyttarar vil vere fortrulege med.
Attkjennande
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.