Til ettertanke
Telemanns moralske kantatar manar til måtehald – også i kjærleiken.
Mezzosopranen Susanne Langner syng songar og kantatar av Telemann.
Foto frå heimesida til artisten
CD
Georg Philipp Telemann:
Zuversicht
Susanne Langner, mezzosopran, mfl.
Genuin 2022
6 Moralische Kantaten (1736) for fiolin eller fløyte, song og basso continuo (besifra bass) er ei av dei mange samlingane Georg Philipp Telemann (1681–1767) fann tid til å komponera og publisera på eige forlag – dette trass i at han som musikkdirektør i Hamburg måtte komponera kantatar til kvar sundag og helgedag i kyrkjeåret (i tillegg til pasjonar, oratorium og ymse verdsleg festmusikk).
Meir enn kollegaen hans i Leipzig, J.S. Bach, må han ha vore oppteken av straumar i åndslivet i samtida, særleg i poesien. Ofte samarbeidde han med pur unge diktarar, mellom dei den mest 30 år yngre Joachim Johann Daniel Zimmermann (1710–1767), som skreiv librettoen til kantatane mezzosopranen Susanne Langner syng på det nye albumet sitt.
Med seg har ho fem kompetente instrumentalistar på høvesvis tverrfløyte, fiolin, cello, cembalo og lutt (det delikate luttakkompagnementet til svensken Magnus Andersson merkjer seg ut). Langner sjølv syng godt, med presis og passe dramatisk deklamasjon. Klangen hennar er best i det midtre og låge registeret (topptonane blir somme stader litt diffuse).
Utøymeleg udyr
Tittelen «Moralske kantatar» kling jo litt underleg i dag. Men kantatetekstane er ikkje moraliserande. Dei er verdslege og humørfulle. I eg-form blir det reflektert over korleis me kan oppnå indre jamvekt og ro – korleis me kan leva eit enkelt og ukunstla liv og pleia ekte venskap. Slik sett uttrykkjer verka den optimistiske ånda til den nye, opplyste borgarklassen som både komponist og diktar sokna til i Hamburg.
Det opplyste mennesket bør unngå ekstreme kjensler som set rasjonaliteten ut av spel. Dette gjeld også i kjærleikslivet, noko kantaten Die Liebe tek føre seg. «Tru ikkje på diktarane når dei skriv om kjærleiken», heiter det i resitativet, for «om diktarane har skildra han rett, er han rasande galen».
Dette galne opplever me i fyrstesatsen, som handlar om kjærleiken som fenomen og byrjar med orda «du er eit utøymeleg udyr, ei pil, eit nett, ei gift, ein eld, og likevel, kjærleik, ler eg andynes deg». Villskapen blir målboren av fiolinen, spelt med konsentrert og kvass tone av Cristian Voß.
Trufaste vener
I førromantisk kunst skal ein vakta seg for å sjå musikken som uttrykk for kunstnarens personlege røynsler. Men kjenner ein Telemanns biografi, blir det vanskeleg å la vera. Når det galt kjærleik og samliv, var han nemleg eit brent barn.
Etter at den fyrste kona hans, som han elska høgt, døydde i 1711, gifte han seg på nytt med ei kvinne som synte seg å vera både trulaus og spelegalen. Då ekteparet skilde seg – nokre år før dei moralske kantatane kom ut – sat Telemann att med den enorme spelegjelda hennar. For å berga komponisten frå konkurs gjekk trufaste vener i Hamburgs borgarskap saman om ein innsamlingsaksjon. Slik blei han redda økonomisk. Men han gifte seg aldri igjen.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.