Musikk
Tidvenda
Capella de la Torre syner oss korleis alt endra seg med Monteverdi.
Parti frå Canal Grande i Venezia.
Foto: Sjur Haga Bringeland
Ingen andre personifiserer tidvenda i musikkhistoria kring 1600 meir enn Claudio Monteverdi (1567–1643). Denne norditalienske komponisten kom til verda i fiolinbyggjarbyen Cremona, avanserte så til hoffkapellmeister i Mantova, før han nådde karrierens apeks med kapellmeisterstillinga i sjølve Markuskyrkja i Venezia.
Han fann langt på veg opp det nye musikalske språket i barokken. Musikken hans kling moderne og tilgjengeleg på ein heilt annan måte enn tonespråket han sprang ut or, som var renessansens komplisert-kontemplative polyfoni.
Tre nyvinningar
Kva konkret var så Monteverdis musikkhistoriske forteneste? Med stilen seconda pratica («den andre praksis»), eit omgrep han sjølv mynta ut, utvikla han eit nytt syn på tonekunsten. Musikken skulle ikkje lenger berre gleda, men også skaka. Gjennom å bryta reglane til den gamle komposisjonslæra (prima pratica) ville han med skjerande smertefulle dissonansar overføra kjenslene i ei musikalsk forteljing direkte til lyttaren.
I denne seconda pratica, som også blei kalla stile moderno, inngjekk ei rekkje nye former som framleis pregar populærmusikken vår. For det fyrste oppfinninga hans av det som i jazzen blir kalla walking bass, der basslina har rytmisk jamt framskridande notar. For det andre den raffinerte bruken hans av såkalla ostinatobass, eit komposisjonsskjema der eit stutt og fengande basstema blir repetert gjennom heile satsen. Og for det tredje overføringa hans av instrumentalmusikkens virtuoseri til vokalmusikken.
Laussleppt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.