Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Tid for glede

Nick Cave gir meir rom til The Bad Seeds, noko som kjennest heilt rett ved denne krossvegen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nick Cave har reindyrka ein ny nærleik til lyttarane, skriv Øyvind Vågnes.

Foto: Ian Allen

3814
20240830
3814
20240830

Rock

Nick Cave & The Bad Seeds:

Wild God

PIAS

Det vil neppe overraske lesarar som har lytta til Nick Cave, at eg leitar fram eit ord som «overskridande» i møte med Wild God, det nye albumet veteranen har laga med The Bad Seeds. Det er ikkje første gongen det skjer i løpet av tiåra denne ekspansive, mangfaldige og tidvis kontrære kunstnarskapen har utfalda seg.

Med Cave, som går den vegen han sjølv finn rett, er det likevel stadig noko nytt som ligg i eit ord som «overskriding»: Wild God rommar omveltingar både på små og store vis, men også kontinuitet, og representerer nok eit fascinerande kapittel i ei større forteljing.

Ta «O Wow O Wow (How Wonderful She Is)», til dømes – jammen har også Cave funne fram vocoderen, ikkje heilt ulikt Lambchops Kurt Wagner, i ein song som rett og slett rettar eit undrande blikk mot det som er vakkert i tilværet.

Melankoli

Er det ikkje slik at menneska vi mistar, kan etterlate seg ein varme som ikkje forsvinn sjølv etter at dei er borte? Jau. Cave ønskjer å feste ei slik erfaring i ord og tone. Brått kjem eit lydopptak frå ein telefonsamtale han har hatt med Anita Lane, som ein gong var kjærasten hans, og som døydde i 2021 – her får ho framstå med smittande, spontan livsglede. Melankolien som dirrar gjennom fleire av Caves sterkaste songar vert dristig forløyst i ei slags varm omfamning av minnet som ikkje mistar si kraft, utan at det kjennest kleint eller sentimentalt, verken forteljemessig eller estetisk.

Etter å ha lytta nokre gonger til Wild God må denne lyttaren fastslå at ingen av songane vi fekk høyre fram mot utgivinga – tittelsporet, «Frogs» og «Long Dark Night» – slo meg i bakken på same måten som denne. Det verkar dermed som Cave denne gongen har spart det beste til alle brikkene er på plass. Songar som «Joy», «Final Rescue Attempt» og «Cinnamon Horses» løftar dette albumet opp på det gjennomgåande høge nivået som eg vil påstå Cave har halde sidan Push the Sky Away (2013).

Etter den konsentrerte, smått asketiske og eksperimentelle intensiteten artisten på fleire nyare prosjekt har dyrka i tospann med Warren Ellis, er det noko eksplosivt over den rike lyden av den noverande utgåva av The Bad Seeds som kjennest heilt rett ved denne krossvegen.

Vendepunkt

Å setje plater som Skeleton Tree (2016), Ghosteen (2019) og Carnage (2021) opp mot kvarandre – eller opp mot Wild God – er uansett ei poenglaus øving. Då gir det større meining å sjå desse utgivingane som uløyseleg knytte til kvarandre, og til fleire andre prosjekt, som inngår i ein kunstnarleg transformasjon som har følgt i kjølvatnet av at sonen til Cave døydde i 2015.

Tragedien representerte eit vendepunkt for artisten ikkje berre i eksistensiell, men også i kunstnarleg forstand. At alt kom til å vere annleis frå no av, ana eg då eg fortumla kom ut frå Caves skakande konsert i Bergen sommaren 2018, der han kommuniserte med publikum på ein måte som overvelda meg.

Og han har reindyrka ein ny nærleik til lyttarane i åra som har følgt: Alt året etter, i Grieghallen, gjekk han direkte i dialog med publikum frå scenen i den eksperimentelle konsertserien Conversations with Nick Cave. Slike initiativ heng nøye saman med kommunikasjonen han har med ein brei krins lesarar gjennom nettstaden The Red Hand Files, og den radikalt opnande samtaleboka Faith, Hope and Carnage (med Sean Hagan, 2022).

Nøkkelsporet «Joy» gjer det klart kvar Cave er komen med Wild God i dette større prosjektet: Ein bodberar vil føre oss frå sorga til det som kan følgje, nemleg gleda: «We’ve all had too much sorrow, now is the time for joy.» Kva følgjer etter dette?

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Olaf Johannessen er manusforfattar for ei rekkje filmar og TV-seriar. Årets roman er den tredje sidan debuten i 2017.

Foto: Jacob Johannessen Maske

BokMeldingar

Inni er me like, men det er utanpå

Bjørn Olaf Johannessen skriv artig, men mest utanpå om det innvendige.

Odd W. Surén

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis