Musikk

Theas hus

Her har du ein liten test: Sett på «Happen Go Stay» på Thea Hjelmelands Kulla og sjå kva som skjer i rommet.

Thea Hjelmeland er klar med nytt album og turné i desse dagar.
Thea Hjelmeland er klar med nytt album og turné i desse dagar.
Publisert

Eg har gjort mine undersøkingar, folkens. Reaksjonen er kroppsleg og kontant, som om kvar og ein blodbankande organisme fell inn i ein taktfast glød, om du no er på kjøkkenet eller på hemsen. Det er noko med spretten og smittande musikk som kan få eit rom til å losne og smelte i sin eigen rytme, og Hjelmeland veit kva det er.

Overrumplande

På sitt beste er popmusikken både fri og frigjerande, ei djupast sett uregjerleg, kulturell kraft som på seinkapitalismens premiss likevel kan verke sterkt identitetspolitisk i kollektiv og individuell forstand, men berre om det leikne vert teke vare på, og kreativiteten får ein viktigare plass enn kalkylen. Det finst inga oppskrift.

For denne lyttaren demonstrerer (sjølvsagt) Kulla dette poenget meir effektivt enn noko eg kan skrive om albumet. Hjelmeland er ikkje berre fri i omgangen med klassiske popgrep i viltre, uimotståelege spor som «Hands Off» og «MyGirl», men også i den radikale overgangen frå «Brother» til «Born,» frå den globale understraumen i det første sporet til det lokale preget i det andre.

Med eit knips flyttar Hjelmeland seg frå det engelske til det norske, frå dansegolv til makaber sull på dialekt. Denne vekslinga, som på papiret kan verke dristig, fungerer som berre det på Kulla, som er fundamentalt fleirspråkleg i både verbal og musikalsk forstand. Avstandane mellom ulike idiom verkar kortare enn ein først trudde. Rundt kvar sving ventar det noko forfriskande og overrumplande, og heile tida kastar det du høyrer, nytt lys på det du nettopp har høyrt.

Dermed balanserer Kulla det direkte mot det ettertenksame, og fleire av tekstane orienterer seg mot ganske tunge tematikkar – Hjelmeland er ein av desse artistane som nærmar seg det som er vanskeleg, snarare enn å sky unna. Kva skulle elles vere poenget med kunsten?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement