Musikk
Talande song
Dietrich Fischer-Dieskaus siste elev Benjamin Appl briljerer.
Den tyske barytonen Benjamin Appl er tidlegare korgut.
Foto: Falk Kastell
Det hender at eksepsjonelle innspelingar går meg hus forbi, som dette tre år gamle albumet der tyske Benjamin Appl syng ariar og resitativ frå Johann Sebastian Bachs (1685–1750) kantatar og pasjonar. Innspelinga, som rett og slett heiter Bach, verkar skreddarsydd for barytonrøysta hans. Kombinasjonen med det relativt tynt besette barokkorkesteret Concerto Köln gjer albumet til eit av dei beste eg har høyrt med Bachs vokalmusikk for mannleg solist.
Kva er det så som gjer Appls prestasjon så spesiell? Tre moment kan trekkjast fram, nemleg klang, tekst og tolkinga av det dramatiske.
Klang og tekst
Appl er ein relativt ung songar, fødd i 1982. Det merkar me på klangen, som har noko friskt og klårt ved seg, typisk for solistar med bakgrunn frå kor. Den fyrste skoleringa fekk han som gutesopran i Regensburger Domspatzen, eit av Tysklands beste gutekor, med røter attende til 900-talet. (Som kuriositet kan det nemnast at det i Appls ungdomstid blei leia av Georg Ratzinger, bror til pave Benedikt XVI).
Tidlegare gutesopranar har gjerne internalisert songen til dei grader at dei syng like lett som dei talar. Her er me inne på det andre momentet: Appls umanierte tekstuttale, som får fram dei vakraste sidene ved tysk som songspråk. Dette er knytt til det siste momentet: Tolkinga av det dramatiske i songtekstane, som jo føreset skjøneleg diksjon.
Det dramatiske
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.