Musikk
Tåkete visjonar
Tsjajkovskij-tolkingane til Kraggerud og Arktisk Filharmoni er ujamne.
Den russiske komponisten Pjotr Tsjajkovskij (1840–1893). Målarstykke frå 1893 av Nikolaj Dmitrijevitsj Kuznetsov.
Ville verda gått under til tonane av Tsjajkovskijs musikk? Klokka halv seks om morgonen 6. juli 1945 gjekk nedteljinga til den fyrste atombomedetonasjonen i New Mexicos ørken til klangen av strykeserenaden hans, på grunn av ei samanblanding av sivile og militære radiofrekvensar. Verda steig inn i atomalderen med den sorglause tonearten C-dur.
På førehand hadde forskarar uroa seg over at ein slik eksplosjon kunne føra til ein ukontrollert kjernefusjon som sette fyr på heile atmosfæren. Dette minner fiolinisten Henning Kraggerud om ragnarok, den norrøne endetidsvisjonen der verda blir slukt av flammar, noko som er tema for det nye albumet hans.
Albumet er ikkje berre dystert: Ragnarok er jo slutten – men òg byrjinga på ei ny tid. Etter at eldjotunen Surt har brent verda, vil nemleg ei grøn jord atter stiga opp or havet, og dottera til sola vil varma ein ny generasjon æser og menneske.
Tynt
Det tematiske silkepapiret som skal femna dei tre stykka på albumet, er for tynt. Kraggeruds sjølvkomponerte Ragnarok. The Sun’s Daughter er navet i det heile, der han med tradisjonelle strykarklangar freistar å uttrykkja desperasjonen og håpet til dei siste (og difor òg fyrste) menneska.
Mellom strykarhogg i tutti à la Stravinskijs Vårofferet i byrjinga, og søt Ole Bull-aktig melodikk à la «Sæterjentens søndag» mot slutten, blir det smått med kompositorisk substans.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.