Musikk
Syntetiske kjensler
Munchi lagar kjapp og atonal dansemusikk tufta på karibiske og latinamerikanske tradisjonar.
Munci elskar mambo.Munci elskar mambo.
PressefotoPressefoto
Elektronisk
Munchi frå Den dominikanske republikken omkalfatrar karibisk og latinamerikansk musikk ved hjelp av elektroniske produksjonsmiddel. Produsenten har samarbeidd med storfolk som M.I.A., og ifølgje Munchis instagramkonto var dette måten nye merengue- og mambolåtskrivarar arbeidde på i ein periode i starten av dette tusenåret: Idear blei noterte med sample-samlingar og piratkopiert digital musikkproduksjonsprogramvare. Korleis musikken skulle framførast av eit band, var noko ein eventuelt fekk finne ut av dersom ein skulle slumpe til å bli populær nok til å spele live. Denne typen hakkete digitale lydbilete var visst vanleg i nokre år, før moderne dansemusikkstilartar som dembow blei populære.
EP-en Mambo Detonao kom nyleg ut på den ugandiske labelen Nyege Nyege Tapes og inneheld oppussa utgåver av låtar produserte kring 2010, inspirert av denne røffe, skisseaktige stilen. Ta til dømes andresporet, «Que Maldito Disco»: ein akustisk, velkjend congatrommerytme flyt over pumpande basstrommer og hurtige, konsise risteegg-samplingar, med eitt blir mønsteret kutta på kontant vis som understrekar det digitale, piano- og syntetisk strengklimpring krydrar det høge registeret. Silkemjuke sirener, virtuell plystring og dissonante reveljar framførte med syntetiske horn annonserer ein flytande collage-rap som, med ord eg kjenner tydinga til, gir danseføtene direkte ordre om å marsjere taktfast ut på dansegolvet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.