Musikk
Symfonisk trias
Så ulikt kan dei tre siste symfoniane til Mozart låta.
Koparstikk av Wien frå 1780-åra, då Mozart komponerte dei tre siste symfoniane sine der.
CD
Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) skreiv dei tre siste symfoniane sine, nr. 39, 40 og 41, i løpet av berre seks veker i Wien sommaren 1788, i ein tilstand av pengesorger og depresjon. Me veit ikkje om han såg på dei som ein slags trilogi, heller ikkje kva som var den konkrete grunnen til komponeringa. Ein romantisk idé om at dei blei «komponerte for æva» og ikkje med tanke på ei spesiell framføring med sårt trungne billettinntekter, er framleis populær. Uansett: Wienerklassikaren Mozart utvidar her symfoniens formale og emosjonelle potensial på ein måte som peikar fram mot romantikken på 1800-talet.
Framtidsretta
Eg tenkjer stundom på det: Hadde han ikkje døydd i 1791, men levd til han var – lat oss seia – 75 år, då kunne han komponert til 1831, og kor annleis hadde ikkje musikksoga sett ut då? Men ingen skal skulda Mozart for å ha gjort for lite ut av talentet sitt før han døydde 35 år gamal.
Det er Symfoni nr. 40 i g-moll, KV 550, som tydelegast peikar mot framtida: Han går i moll, som romantikarane elska, men som var uvanleg på Mozarts tid. Han opnar ikkje med eit orkestralt smell for å vinna merksemd, men in medias res, med lågmælt og uroleg bivring i bratsjane før det melodiske temaet kjem i fiolinane. At både Beethoven og Schubert lét seg inspirera av slikt, undrar meg ikkje.
Klåre klangar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.