Symfonisk trias
Så ulikt kan dei tre siste symfoniane til Mozart låta.
Koparstikk av Wien frå 1780-åra, då Mozart komponerte dei tre siste symfoniane sine der.
CD
Wolfgang Amadeus Mozart:
Symphonies Nos. 39 & 40
Kringkastingsorkestret; dir.: Petr Popelka. LAWO 2023.
CD
Wolfgang Amadeus Mozart:
Dr. Lichtenthals Mozart
Pandolfis Consort. Gramola 2023.
Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) skreiv dei tre siste symfoniane sine, nr. 39, 40 og 41, i løpet av berre seks veker i Wien sommaren 1788, i ein tilstand av pengesorger og depresjon. Me veit ikkje om han såg på dei som ein slags trilogi, heller ikkje kva som var den konkrete grunnen til komponeringa. Ein romantisk idé om at dei blei «komponerte for æva» og ikkje med tanke på ei spesiell framføring med sårt trungne billettinntekter, er framleis populær. Uansett: Wienerklassikaren Mozart utvidar her symfoniens formale og emosjonelle potensial på ein måte som peikar fram mot romantikken på 1800-talet.
Framtidsretta
Eg tenkjer stundom på det: Hadde han ikkje døydd i 1791, men levd til han var – lat oss seia – 75 år, då kunne han komponert til 1831, og kor annleis hadde ikkje musikksoga sett ut då? Men ingen skal skulda Mozart for å ha gjort for lite ut av talentet sitt før han døydde 35 år gamal.
Det er Symfoni nr. 40 i g-moll, KV 550, som tydelegast peikar mot framtida: Han går i moll, som romantikarane elska, men som var uvanleg på Mozarts tid. Han opnar ikkje med eit orkestralt smell for å vinna merksemd, men in medias res, med lågmælt og uroleg bivring i bratsjane før det melodiske temaet kjem i fiolinane. At både Beethoven og Schubert lét seg inspirera av slikt, undrar meg ikkje.
Klåre klangar
Mozarts siste symfoniske triade får me på to album med høvesvis Kringkastingsorkestret og kvintetten Pandolfis Consort. Orkesteret spelar nr. 39 og 40, medan kvintetten tek føre seg nr. 40 og 41. G-mollsymfonien nr. 40 er altså med på dei begge, men med særs ulik besetning.
Kringkastingsorkestret spelar han slik Mozart skreiv han, med fullt orkester, og den nyss avgåtte sjefdirigenten Petr Popelka treffer straks tonen i opningssatsen «Molto allegro». Tempoet er velvalt, med fine detaljar i artikulasjon og frasering. Den dystre tredjesatsen «Minuetto» med sine stampande rytmar er kanskje den mest karakteristiske for Popelkas tilnærming.
Pandolfis Consort, derimot, spelar symfonien i ein kammerversjon av Peter Lichtenthal (1779–1853), ein Mozart-begeistra austerriksk lege og komponist som levde i Milano. Kvintettversjonen blir spelt med heftige bogestrok og meir markante rytmar enn det me høyrer i originalen, og sidan det berre er eitt instrument per stemme, blir polyfonien i Mozarts partitur særleg merkbar. Den føremonen orkesteroriginalen har når det gjeld dynamiske kontrastar, kompenserer Lichtenthals arrangement for gjennom eit uvanleg klårt klangbilete.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eit større forsvar treng fleire folk. Neste år vil regjeringa tilføre Forsvaret 300 nye årsverk, i overkant av 400 fleire vernepliktige i førstegongsteneste og i overkant av 600 fleire reservistar. Biletet viser unge som tok del i ei opptaksprøve til bachelorutdanning i Forsvaret på Sessvollmoen i fjor.
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB
Mangel på personell kan bremse Forsvaret
Forsvaret er budsjettvinnar i år, men manglar fagfolk. – Vi er på grensa til ei krise, seier forbundsleiar Torbjørn Bongo.
Firda på Sandane i Nordfjord er ein av få vidaregåande skular som tilbyr både drama-, dans- og musikkfag. Elevar frå 21 kommunar søker seg hit. Likevel heng trusselen om nedlegging av linjer over han.
Foto: Firda vgs / Vestland fylkeskommune
Slaktar skular med sparekniv
Når fylkeskommunane må kutte, går det hardt ut over den vidaregåande skulen. Fag, linjer og heile skular forsvinn.
Moses i bokhandelen ved San Antonio University der han arbeider når han ikkje studerer psykologi.
Alle foto: Håvard Rem
Sekstiåttarkryptonitten
SAN ANTONIO: Unge ikkje-vestlege vert lett konservative.
Dei kjem frå tradisjonstru kulturar som ikkje dreg på vestleg skuld.
Teikning: May Linn Clement
Kommunale kvelartak
Den romslegare økonomien til folk flest vert eten opp av dei økonomiske problema til kommunane.
Dette er dei 97 gislane tekne av palestinarar 7. oktober 2023 som framleis er sakna.
Kjelde: «Hostages and Missing Families Forum»
I hendene på Hamas
For eitt år sidan bortførte terroristane meir enn 240 menneske frå Israel. Nokre er sette fri og kan fortelje om grufulle opplevingar. Andre har døydd i tunnelane til Hamas.