Sydlansk søte
Kven var Giovanni Hoffmann?
Mandolinist på eit måleri (utsnitt) av Herman-Maurice Cossmann (1821–1890).
CD
Giovanni Hoffmann:
Mandolin Quartets
Federico Maddaluno, mandolin; mfl. Brilliant 2024
Giovanni Hoffmann veit me fint lite om. Etternamnet er jo typisk tysk og førenamnet truleg ei italienisering av Johann. «Johann Hoffmann», altså – det er om lag like vanleg i Tyskland og Austerrike som «Ole Hansen» eller «Hans Olsen» i Noreg.
Difor har ikkje musikkhistorikarane klart å identifisera han sikkert. Men me veit at ein mandolinist ved namn Hoffmann var aktiv i Wien kring 1800, der han fekk prenta duettar, trioar og kvartettar med mandolin, og ein mandolinkonsert. Komposisjonsteknisk er stykka temmeleg enkle. Solistparten er derimot krevjande å spela. Hoffmann må altså ha vore virtuos.
Karakteristisk
Mandolinvirtuosar var ikkje sjeldsynte på slutten av 1700- og byrjinga av 1800-talet, særleg i Wien, der dei underheldt høgborgarskapen og adelen. I dag er dei oftast namnlause. Dette er jo ein typisk lagnad for virtuosar: I livet var dei større stjerner enn komponistane, men i døden svann gjetordet fort bort.
Mandolinen var elles eit typisk «karakterinstrument» som komponistane nytta for å kalla fram ei spesiell stemning, særleg i operaer. Eit kjent døme finn me i Mozarts Don Giovanni, i arien «Deh, vieni alla finestra» (Å, kom til vindauget), der helten kurtiserer Donna Elvira med ein mandolinakkompagnert kjærleiksserenade. Dette landlege og smeikjande sydlandske sit som klistra til mandolinen, mest uansett kva som blir spelt.
Pizzicati
På dette albumet framfører den napolitanske mandolinisten Federico Maddaluno fire Hoffmann-kvartettar, saman med fiolin, bratsj og cello. Instrumentet hans er ein kopi av ein mandolin frå 1792. Det høver til stilen, som er særs wienerklassisk. Akkompagnementet er av enklaste sort, både når det gjeld det harmoniske og det rytmiske, og solisten dominerer støtt. Det er altså ikkje vanskeleg å førestilla seg Hoffmann briljera i ein adeleg salong, med strykarane diskret i bakgrunnen.
Nokre satsar på plata er meir «mandolinske» enn andre, særleg sistesatsane, som er i rondoform, altså ein slags runddans med markant refreng (spor 4, til dømes). For å tilpassa seg mandolinklangen spelar strykarane ofte pizzicato: Dei plukkar på strengene i staden for å stryka. Dette gjer lydbiletet delikat og flyktig – musikken eksisterer berre i små vindpust før han svinn bort.
Maddaluno spelar godt, med stødig teknikk og fin frasering. Intonasjonen er også god, bortsett frå nokre stader i det aller høgste registeret. Medmusikarane hans, derimot, skuffar: Strykarklangen er gruggen, intonasjonen famlande, og mellomspela, som fungerer som små bruer mellom soloinnslaga, er initiativlause. Lågpunktet er dei unisone partia i F-dur-kvartettens rondo-sats (siste spor), som kling beint fram surt.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Nicolas Leirtrø, Øyvind Leite og Amund Storløkken Åse utgjer trioen med namnet I Like to Sleep.
Foto: Sigrid Erdal
Spanande klangunivers
I Like to Sleep har laga ei mangfaldig plate.
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?