Musikk

Svulmande

Vasilij Petrenko dirigerer seinromantiske, symfoniske dikt frå Wien.

Den austerrikske komponisten Alexander von Zemlinsky (1871–1942).
Den austerrikske komponisten Alexander von Zemlinsky (1871–1942).
Publisert

Orkesterverk av to mindre kjende komponistar frå Wiens fargerike kunstnarmiljø på byrjinga av 1900-talet er her spelte inn under Vasilij Petrenko. Denne russaren var sjefdirigent for Oslo-Filharmonien frå 2013 til 2020 og har no same stillinga ved Royal Liverpool Philharmonic Orchestra.

Den fyrste komponisten, Alexander von Zemlinsky, kom frå ein jødisk familie i Wien. Sjølv om han konverterte til protestantismen, måtte han etter maktovertakinga til nazistane flykta til USA, der han døydde i 1942. Dei siste leveåra var sørgjelege, med sviktande helse og manglande inspirasjon. I Wien, derimot, hadde han hatt stor suksess både som pianist, dirigent og komponist. Han omgjekst Johannes Brahms, som stødde han, og svogeren Arnold Schönberg, som han underviste i kontrapunkt. Og så var det eleven og elskarinna Alma Schindler – som forlèt han til fordel for Gustav Mahler.

Havfrua

Brotet med Alma, som kalla han «min hesleg stygge lærar», blei traumatisk for Zemlinsky. Det var ei form for sjølvterapi då han på nyåret i 1902, nokre dagar før ho gifte seg med Mahler, tok fatt på Die Seejungfrau. Dette symfoniske diktet er basert på H.C. Andersens «Den lille havfrue», eventyret om havfrua som forelskar seg i eit menneske – og døyr i freistnaden på å vinna kjærleiken hans.

Orkestreringa er glitrande. Opninga av fyrstesatsen minner om Richard Strauss’ Alpesymfoni, og Royal Liverpool Philharmonic Orchestra handsamar godt dei lange, svulmande frasane som stig og stig mot klimaks. Zemlinsky utvidar den romantiske harmonikken til det yttarste, men ulikt svogeren Schönberg tok han aldri steget ut i atonaliteten.

Infanten

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement