Musikk

Suveren sekstett

The Nash Ensemble lyftar Ferdinand Ries ut or Beethovens skugge.

Komponisten og pianisten Ferdinand Ries (1784–1838). Stålstikk frå kring 1830.
Komponisten og pianisten Ferdinand Ries (1784–1838). Stålstikk frå kring 1830.
Publisert

Det var lett å hamna i skuggen til Beethoven – særleg for dei som stod nær han. Dette blei lagnaden til Ferdinand Ries, den tyske komponisten og klavervirtuosen som lenge berre blei hugsa som Beethovens elev, ven, sekretær og agent. Eit døme: Då London Philharmonic Society tinga Beethovens 9. symfoni, den me kallar «korsymfonien», var det Ries som formidla oppdraget.

Men Ries makta òg å stå på eigne bein som komponist. Symfoniane og klaverkonsertane hans blei spelte inn på plate for nokre tiår sidan, og dei siste åra er det kammermusikken hans som har blitt gjenoppdaga. Dei fire kammerverka som engelske The Nash Ensemble no gjev ut på CD, er ei gullgruve for klassiskinteresserte som ynskjer å utvida lyttehorisonten sin.

Begge frå Bonn

Ries blei, til liks med Beethoven, fødd i Bonn. Då Napoleon hærtok byen ved Rhinen, drog han til Wien. Håpet var å få bli Beethovens elev. Denne var kjend for å vera svært kresen når det galt elevar, men nett Ries tok han under vengene sine – kan hende av di far hans i si tid hadde vore Beethovens lærar i Bonn.

Dette var medan Napoleonskrigane herja Europa. Ries måtte fleire gonger flykta for ikkje å bli tvangsrekruttert til fronten. I 1813 hamna han i London. Dei elleve åra der blei ein suksess, for publikum tok entusiastisk imot den gåverike Beethoven-eleven. Komposisjonsoppdraga strøymde på, han gifte seg til pengar og blei æra med direktørstilling i Philharmonic Society.

Eldfull «Allegro»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement