Musikk

Superless is more

Godkjensla er der frå første til siste tone.

Superless er Ingebrigt Håker Flaten, Jeff Parker, Eirik Hegdal og Øyvind Skarbø.
Superless er Ingebrigt Håker Flaten, Jeff Parker, Eirik Hegdal og Øyvind Skarbø.
Publisert

Eg fekk ikkje med meg konserten deira på Nattjazz i 2022. Eg visste såleis ikkje kva eg kunne venta meg frå denne plata, anna enn at dette er fire musikarar som kan overraska. Det gjer dei til gagns. Dei må ha hatt det som motto for dei to dagane i det gamle NRK-studioet på Minde: Her skal det vera låge skuldrer, og den meditative godkjensla skal rå.

Dei tre norske musikarane treng ikkje nærare presentasjon. Det gjer vel heller ikkje Jeff Parker, men dette er altså gitaristen som har skapt seg eit namn gjennom band som Tortoise, Chicago Underground og Brian Blades Fellowship.

Hegdal har komponert fem av dei åtte låtane, Skarbø to og Håker Flaten den coltraneske «Julesong» med ein rørande vakker kontrabassintro. Komposisjonane er ei brokete samling lånte fjør, men det heile er skrudd saman originalt og elegant. Eller som dei seier sjølve: «Superless er eit ensemble i spagat; med ein fot langt nede i jazzhistoria, mens den andre sklir rundt og prøver a° fa° fotfeste ein plass mellom post-rock og Messiaen.» Uansett kor dette er i det musikalske landskapet, så er det ein fin plass å vera.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement