Musikk

Suksesjonen

Den norske Lindeman-slekta førte sin musikalske arv direkte attende til Bach.

Oslo domkyrkje fotografert kring 1870, då L.M. Lindeman var organist der.
Oslo domkyrkje fotografert kring 1870, då L.M. Lindeman var organist der.
Publisert

«Apostolisk suksesjon» er eit kyrkjeleg omgrep nytta om den ubrotne rekkja av folk med kyrkjeembete frå apostlane til vår tid. Kvart ledd i rekkja har motteke myndet sitt frå ein forgjengar gjennom ordinasjon. Ordinasjonsrekkja går difor attende til apostlane.

Ein musikkhistorisk parallell til dette finn me i resepsjonen av Johann Sebastian Bach. Etter at han døydde i 1750, blei mykje av musikken hans gløymd. Dette gjeld særleg vokalmusikken (kantatane, oratoria og pasjonane) som romantikarar (særleg Felix Mendelssohn) gjenoppdaga på 1800-talet. Men denne romantiske Bach-tradisjonen var altså kjenneteikna av eit brot: Verka til komponisten blei «gjenoppliva» på scenen eller i kyrkja mest hundre år etter at dei blei til.

Lindemennene

Men det fanst òg ein ubroten Bach-tradisjon, ein musikalsk suksesjon der Bachs arv blei halden i hevd gjennom elevane hans, som så vidareførte han til sine elevar. Denne tradisjonen, som hadde Berlin som utgangspunkt, konsentrerte seg mest om klaver- og orgelverka, då særleg den «lærde» musikken, med kompliserte fugar og kanonar.

Ei grein av denne ubrotne Bach-tradisjonen førte til Noreg – via København til Trondheim og seinare til Oslo. Han levde vidare i 200 år gjennom Lindeman-slekta, vårt største og lengstlevande musikardynasti.

Grunnleggjaren av den norske «Bach-skulen» i musikken var bergensaren I.G. Wernicke, som gjorde suksess som klavervirtuos i København i 1770-åra. Eit stipend førte han til Berlin. Der gjekk han i skule hjå den tyske Bach-eleven J.P. Kirnberger, som hadde teke vare på notane til læremeisteren og skreiv lærebøker i komposisjon på grunnlag av dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement