Musikk

Stuttmesser

Bachs «lutherske messer» er utypiske.

The Sixteen framfører Johann Sebastian Bachs (1685–1750) fire «lutherske messer».
The Sixteen framfører Johann Sebastian Bachs (1685–1750) fire «lutherske messer».
Publisert

Av dei mange Bach-albuma eg har høyrt til no i år, må dette vera det finaste: Det britiske barokkensemblet The Sixteen, som Harry Christophers dirigerer, har samla to tidlegare innspelingar til eit nytt dobbeltalbum som gjev oss alle Bachs fire såkalla lutherske messer (BWV 233 til 236).

Komposisjonane er fantastiske. Komponisten meistrar den kompliserte korpolyfonien makelaust, og soloariane har så iøyrefallande vakre melodiar at lyttaren risikerer å gå og nynna på dei resten av dagen. The Sixteens framføring er òg utanom det vanlege. Christophers har redusert kormannskapet til berre å omfatta to songarar per stemme (til saman åtte songarar), noko som gjev ein klangleg transparens og eit høve til artikulatoriske og fraseringsmessige nyansar som tradisjonelle storkor ikkje får til. Når det gjeld soliststaben, finst der heller ikkje eitt rote egg i korga.

Latinsk

«Lutherske messer», kva er så det? Bachs bidrag til sjangeren høyrer til dei sjeldnast framførte vokalverka hans, noko som nok har å gjera med at dei er latinske og slik sett utypiske – det er den tyske kyrkjemusikken som dominerer.

Ei «messe» er i musikksamanheng eit vokalverk der dei fem latinske messeledda Kyrie, Gloria, Credo, Sanctus og Agnus Dei dannar tekstgrunnlaget. Messene som her er innspelte, kallar me «lutherske» av di berre dei to fyrste ledda, altså Kyrie og Gloria, er med. Grunnen til dette er at det i den lutherske liturgien (i motsetnad til den katolske) ikkje var tradisjon for tonesetjing av dei tre siste messeledda, som i gudstenesta gjerne blei erstatta av salmar på morsmålet eller heilt utelatne. (Bachs store Messe i h-moll var elles opphavleg òg ei luthersk messe, som han sidan utvida.)

Kort og godt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement