JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Stor robotmusikk

Nyinnspelinga av «Grendizer»-musikken er eit ekko av fantasien om å hamle opp med eksistensielle trugsmål.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1924
20240105
1924
20240105

Filmmusikk

Marcin Przybylowicz, Magda Urbanska:

UFO Robot Grendizer – The Feast of the Wolves

Microids Records

Som vanleg starta året med eit smell, og det nyleg utgitte soundtracket til spelet UFO Robot Grandizer – Feast of the Wolves manar fram ein urovekkjande nostalgi. Kjeldematerialet er ein japansk teiknefilmserie frå syttitalet om ein heltemodig pilot som med lekamen i cockpiten styrer ein robot med bein og rakettskytande armar i djerv kamp mot urett og overmakt.

UFO Robot Grandizer er ikkje verdas beste spel, men musikken er det schwung over og smell i. Japanske Isao Sasaki og Shunsuke Kikuchis opphavelege TV-lydspor har blitt oppdatert av komponistane bak musikken til dei polske storspela Witcher 3: Wild Hunt og Cyberpunk 2076, og blir framført av eit eklektisk storband.

Lyden av hemningslause elgitarar ular over hektiske, storslege strykar- og hornarrangement; orgel skjelv som jordi sjølv; rytmeseksjonen liknar Curtis Mayfields’ klassiske funksoundtrack til blacksploitation-filmen SuperFly.

Her finst innslag av felemelodiar med austleg preg, og det heile blir drive av ein melankolsk energi som manar fram ei kjensle av heftig storleiksforskjell mellom oss menneske og fælslege, sivilisasjonsutslettande, monstrøst krigsmaskineri – musikken til Godzilla-filmane har same stil. Uneasy listening, kan ein kalle det, lik Love Boat-såpeoperavignetten på høggir.

Det at depersonifiserte dronar og åtaksmål genererte av den kunstige intelligensen Habsora (evangeliet på norsk) skulle stå sentralt i krigføring i framtida – vår tid – stod nok fram som ein lite plausibel profeti den gong serien blei kokt i hop, men metaforen om monstrøse våpen som jamnar sivilisasjonar med jorda, er diverre stadig aktuell.

Rasmus Hungnes

er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

EssayFeature

Sluttoppgjer

Nokre tal får me tildelte så snart Skatteetaten har motteke fødselsmeldinga. Andre vert plukka opp undervegs i livet, eller avslørte når det nærmar seg slutten.

IvarDale

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis