Musikk
Stillfaren melodikar
Låtane til Ferstad er ikkje meir snirklete enn det vi toler.
Sondre Ferstad (nr. 3 f.v.) har med seg Morten Stai, Vegard Lien Bjerkan og Heidi Skjerve på det nye albumet.
Pressefoto
Sunnmøringen Sondre Ferstad er ein sjeldan plante i den norske jazzfloraen. Munnspel høyrer ein knapt, og sjølv om trøorgel har fått sin renessanse, er det ikkje mange som gjer det til sjølve hovudinstrumentet på ei utgjeving. Ferstad er inspirert av Christian Wallumrød, som han meiner er ein meister i «retningsskifte» i musikken.
Melodiane skal ta overraskande vendingar. «Litt som dei er i ein labyrint», skriv Ferstad i presseskrivet. «Ventesong» har ein metatekst til prosjektet skriven av Heidi Skjerve, med ein aldeles nydeleg intro på bass og munnspel: «Så det vi alle ventar på/ er å finne ein forunderleg vakker melodi/ som snirklar seg gjennom ein uventa harmoni». Skjerve har skrive to tekstar til, medan to er førte i pennen av Maren Barlien.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.