Musikk
Stille natt
Hiss Golden Messenger har laga årets juleplate.
His Golden Messenger eller Mike (M.C.) Taylor.His Golden Messenger eller Mike (M.C.) Taylor.
Foto: Chris FrisinaFoto: Chris Frisina
Rock
Eg var ikkje lenger enn eit par minutt inne i «Hung Fire», opningssporet på O Come All Ye Faithful, før eg forstod at eg hadde funne mi juleplate i år. Hiss Golden Messenger høyrest heilt ut som seg sjølv, også når Mike (M.C.) Taylor (f. 1975) vågar seg ut i dette farefulle terrenget – og der ligg vel også nøkkelen til at dette er eit så fint album. Mannen nærmar seg høgtid og ferietid, med alle sine motsetnader, med same nærleik som kvardagen.
Det har etter kvart vorte ei flott lita rekkje med utgivingar frå Hiss Golden Messenger, med gjennomgåande høg kvalitet. Terms of Surrender (2019) fekk Grammy-nominasjon som årets americanaplate då ho kom for to år sidan, og bandets hittil siste studioutgiving, Quietly Blowing It, som kom før i år, var også solid. Eg høyrer dessutan til mellom dei som stadig vender tilbake til Lateness of Dancers (2014), som eg har nemnt tallause gonger før på desse sidene.
Rotfesta låtskrivar
Kvalitetane som definerte desse og andre plater, er også til stades på O Come All Ye Faithful. Taylor er ein sterk rotfesta låtskrivar og vokalist, og kler musikken med gitarar, piano og orgel og saksofon, med eit laust, men stødig komp i botnen.
I desse songane spøkjer både Garth Hudson (The Band) og nyare tilskot i tradisjonen, som Doug Paisley, som har noko av den same dempa gløden som Taylor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.