Stilistisk breidde
Marianne Beate Kielland tek systematisk føre seg Sigurd Lies romansar.
Den norske mezzosopranen Marianne Beate Kielland.
Foto: Liv Øvland
CD
Sigurd Lie:
Songs, Vol. 1
Marianne
Beate Kielland, mezzosopran; Nils Anders Mortensen, klaver. Lawo 2023
«Som komponist er jeg vel hovedsagelig lyriker med impulser væsentlig fra Schumann og Grieg – Wagner har vel ogsaa virket ‘befrugtende’ på mine instrumentalkompositioner.» Dette skreiv den unge Sigurd Lie – med god sjølvinnsikt – til komponistkollegaen Iver Holter i januar 1903. Han var då medviten om at det korte og hektiske musikarlivet hans nærma seg slutten. Månaden etter klaga den tuberkuløse Lie nemleg over ein «følelse af kraftløshed og mathed, som ikke spaar godt», og la til: «Denne vinter blir vel min sidste, er jeg ræd for.»
Dramatisk utlegning
Då Lie døydde 33 år gamal i 1904, etterlét han seg ei kort, men kvalitativt solid verkliste: knappe to dusin mannskorsongar, ymse kammermusikk og orkesterverk, ein symfoni – og nærare 80 romansar. Det er desse delvis ukjende kunstsongane mezzosopranen Marianne Beate Kielland no har fordjupa seg i, saman med Nils Anders Mortensen, hennar faste akkompagnatør. Dette er to musikarar som musiserer på like fot, for klaverstemma kling sjeldan berre som akkompagnement.
Klaverstemma inneheld stundom spennande musikalsk materiale, i kontrast til den enkle songlina. I slike parti maktar Mortensen å framheva stemma si med klår og skjøneleg artikulasjon. Kiellands tolkingar er òg på det høge nivået eg kjenner frå tidlegare album, med fasettrik klang og dramatisk utlegging av poesien. Men denne gongen tykkjer eg diksjonen hennar er meir diffus. Det er stundom vanskeleg å skjøna teksten ho syng.
Fanga dåmen
Dette fyrste albumet (av i alt to) med Lies romansar er ordna kronologisk etter publikasjonsår, med unntak av opningssporet «Sne» (1899). Denne songen til tekst av den danske lyrikaren Helge Rode er Lies mest populære, med god grunn: Dei eksotiske skalatypane gjev eit svip av noko kaldt og lett. Lie har verkeleg greidd å fanga dåmen i det vesle og vakre stemningsdiktet, med jamt gjentekne, luftige klaverakkordar som dalar lett og tett gjennom heile stykket.
Albumet får fint fram den stilistiske breidda i Lies produksjon. Romantiske klangar à la Edvard Grieg høyrer me i «Valborgsnat» (spor 3), frå Seks sange til tekster av Vilhelm Krag, op. 1. Men berre opninga og avslutninga er griegsk. Den dramatiske midtdelen, som byrjar med verselinene «Se der, se der under orekrat!/ Der er dans i skoge ved Valborgsnat», har ei barokk klaverstemme. Her er myldrande kontrapunktikk av typen den Bach-begeistra Robert Schumann var svak for.
Folkemusikalsk prega er derimot Fem sange til tekster av Per Sivle (1898) – på sitt mest malmfulle i «Solkverv» (spor 18) og med mild og skimrande harmonikk i «Ljos» (spor 19).
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.