Stilisert og tilbakehalde
Pianotrioen HÜM står i ein moderne europeisk tradisjon.
Jazz
HÜM:
Don’t Take It So Personally
Bojan Marjanovic, piano; Bjørnar Kaldefoss Tveite, bass; Magnus Sefaniassen Eide, trommer. Losen Records
Bojan Marjanovic er ein serbisk pianist busett i Oslo. Han har jobba med fleire leiande jazzmusikarar her til lands, men for tida deler han seg mellom duoprosjektet han har gåande med landsmannen og bassisten Uros Spasojevic, og trioen HÜM. Sjølv om det på omslaget heiter at bandfilosofien til trioen er å jamstella instrumenta i lydbiletet, greier dei ikkje heile tida å leva opp til programerklæringa, sjølv om dei i den EST/In The Country-inspirerte «Artic Ice» er på rett spor.
Marjanovic har komponert all musikken, bortsett frå den serbiske folketonen «Cvkje cafnalo», og solistisk dominerer han sterkt. Til tider pøser Marjanovic på med idear som gjev lite rom for den jambyrdige musikalske samtalen.
Stilistisk plasserer dei seg i ein europeisk moderne pianotriotradisjon, og det improviserte blandar seg med det komponerte og arrangerte på ganske stramt, men funksjonelt vis. Komposisjonane varierer i tempo, men går stort sett i sakte og medium tempo og har gjennomgåande eit molldrag over seg.
Pianostilen til Marjanovic er flytande og klangrik, og det samla lydbiletet kan til tider både vera grandiost og diffust, som i «Peculiar Being», eit av høgdepunkta på plata.
Sjølv om dette er pianistens plate, finn Tveite og Sefaniassen sine roller som stødig komp med fin evne til variasjon, og i dei korte stundene dei er i rampeljoset, nyttar dei høvet godt. Spesielt Tveite kvitterer med nokre inspirerte augneblinkar som til dømes i «Kringsjå blå». Her er det mykje fint frå ein trio som heilt sikkert har meir å gå på.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.