Sterke låtar frå Opsahl
Trioen serverer kammermusikk av det leikne slaget.
Jazz / folkemusikk
Carl Petter Opsahl:
Kyrkja
Carl Petter Opsahl, bassklarinett; Oddrun Lilja Jonsdottir, gitar; Ellen Brekken, bass.
Visions and Dreams
Carl Petter Opsahl er mangfaldig. Jazzmusikar og gateprest. Han tok i 2012 doktorgraden i teologi med ei avhandling om det åndelege og hiphopkultur, Dance to My Ministry. Exploring Hip-Hop Spirituality. Han var i si tid med på å skipa Caledonia Jazzband og Chateau Neuf Spelemannslag.
Kyrkja er sett saman av elleve låtar som fangar opp heile spekteret av inspirasjon og tidlegare musikalsk praksis, men plata er ikkje tilbakeskodande. Opsahl prøver ikkje å gjenskapa noko som har vore. Av ymse grunnar har han eit sterkt tilhøve til dette låtmaterialet, og han har med seg to musikarar som er heilt på bølgelengd. Arrangementa som dei tre har jobba fram i lag, har alle det til felles at melodien står klart og tydeleg i sentrum.
Lilja har skapt seg eit namn som gitarist og komponist i jazz- og verdsmusikkrinsar. Ho skal levera tingingsverket til Vossa Jazz neste år. Her trakterer ho både elgitaren og den akustiske utgåva. I tillegg fargelegg ho diskré vokalt ved nokre høve. Brekken er kjend for å skapa eit solid rytmisk fundament for Hedvig Mollestad og i bandet A Tonic for the Troops. Her er det ei leikande og lett «dansande» utgåve av bassisten me møter.
Dei sveiper innom det frie og improviserte i til dømes introen til «Vision of the Young, Dreams of the Elders». Aller best er dei tre i «Krybbeheilagt», ein springleik med flageolett-intro av Brekken, eit nydeleg tema introdusert av Opsahl og eit meditativt mellomspel av Lilja, før dei vender attende til temaet og Lilja fell inn på vokal og gjer det heile meir eterisk.
Sjølvsagt avsluttar Brekken som ho byrja. I «Blant dronninger og profeter» koplar dei eit tema inspirert frå norsk/svensk folkemusikk med karibisk rytmikk og leikar seg i korte improviserte snuttar. Ei sterk plate som det er lett å lika.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.