Sterke låtar
Bushman’s Revenge feirar 20-årsjubileum.
Bushman’s Revenge med Even Helte Hermansen, Rune Nergaard og Gard Nilssen.
Foto: Marthe Amanda Vannebo
Jazz
Bushman’s Revenge:
All The Better for Seeing You
Even Helte Hermansen, gitarar; Rune Nergaard, bass; Gard Nilssen, trommer, perkusjon og vibrafon.
Is It Jazz? Records
Trioen feirar 20-årsjubileum med å gje ut den ellevte plata si. Heilt sidan dei debuterte på Jazzaway Records i 2007 med Cowboy Music, har dei dyrka eit uttrykk som er ei blanding av rock og post-Coltrane-jazz. Samstundes har låtane til Hermansen vore særmerkte og gjerne med ein humoristisk vri. Dette er sikkert forklaringa på kvifor dei anno 2023 framleis er eit ettertrakta liveband.
Dei seks låtane er alle skrivne av Hermansen. Ved 20-årsleitet har nokre av desse fått ein patina av vemod og noko ettertenksamt. Opningssporet «Halvannen time – An Hour and a Half, More than Enough» slår slik sett an tonen, og trioen følgjer opp med den nydelege «Last Cup of Zorro» med ein tilbakelent groove, eit velforma gitarkor og eit skreddarsydd less-is-more-komp. «Stolen from a Blind Monkey» er siste delen i Kinderegget. «Hollowed Be Thy Fame» har rubato intro som går over i riffet som introduserer nok eit vakkert tema. Dei gode åtte minuttane som følgjer etter dette, er høgdepunktet på plata. Her får trioen demonstrert eit samspel som skårar maks på dei fleste parametrar, og igjen viser Hermansen seg som ein eminent historieforteljar.
I «Raptus Norvegicus» kjem humoristen Hermansen til syne. Sterkt inspirert av Eric Idles «The Meaning of Life» legg han grunnlaget for ein skikkeleg musikalsk «tour de force», der trioen utfaldar seg i kjend stil. Plata tonar ut med balladen «Takk for seg», der Nilssen kjenslevart introduserer låten på tammane. Plata er ei overtydande 20-årsfeiring!
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.