Musikk
Sterk debut
Gabriela Garrubo byr på eit musikalsk univers med ei sterk brasiliansk åre.
Gabriela Garrubo platedebuterer.
Foto: Embla Simonsen
Debutplata til norskbrasilianske Gabriela Lie Garrubo har det vore knytt store forventningar til. Ho har gjort eit sterkt inntrykk på konsertscenen med eit sjølvkomponert repertoar. Musikken er ei blanding av tradisjonell brasiliansk musikk med innslag av bossanova og moderne jazz.
Ho er ein spanande komponist. Tekstane, som er både på portugisisk og engelsk, tek opp eksistensielle spørsmål som enkelt sagt handlar om å finna seg sjølv i ei kompleks, men vakker verd. Det er likevel Garrubo som formidlar mellom linjene som er det mest interessante.
Uttrykket kan verka skjørt og florlett, som i «Stars» og «Bells», men med pondus og autoritet når dette trengst, som til dømes i «A-Chave», der Hamre trør til med eit av dei betre kora på plata. Uansett kva modus det går i, har Garrubo full kontroll på tone og rytmikk. Ho er overraskande komplett som vokalist.
Bandet spelar tett og fint. Dei får det meste ut repertoaret. Det er lite rom for improvisasjon. Her er fokuset på Garrubo som tekstforfattar og låtskrivar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.