Stanko-kvartetten på sitt beste
September Night er eit strålande døme på inspirert samspel.
Tomasz Stanko (1942–2018) i München.
Foto: Caroline Forbes / ECM Records
Jazz
Tomasz Stanko Quartet:
September Night
Tomasz Stanko, trompet; Marcin Wasilewski, piano; Slawomir Kurkiewicz, bass; Michal Miskiewicz, trommer. ECM
September Night er eit konsertopptak frå Unforeseen, eit symposium for improvisert musikk i München i 2004. To år tidlegare hadde Stanko gjeve ut den første plata med den polske kvartetten sin, Soul of Things (ECM). Plata blei byrjinga på eit av dei mest kreative kapitla i karrieren til Stanko. Konsertsamarbeidet mellom dei fire skreiv seg attende til 1993 og blei avslutta med ein konsert i Warszawa i 2017, året før Stanko døydde.
På plata finn ein sju originalkomposisjonar av Stanko. Det vil seia, den Corea-inspirerte «Kaetano» har dei fire skrive i lag. Låtane varierer i tempo, men også innanfor kvar låt koplar dei ettertenksame introar og improviserte parti med raske tempo.
Plata er først og fremst eit samanhengande prov på kva nivå kvartetten hadde løfta samspelet til. Eg veit ikkje kor mykje som er redigert vekk av den samla konserten, men musikken her er heilt utan kvileskjer. Spelet og samspelet er inspirert frå første til siste tone.
Det er vanskeleg å dra fram høgdepunkt frå ei plate som er sett saman av sju slike, men eg festa meg ved «Euforila» fordi det indirekte er ei hylling til Miles Davis anno 1970. At Stanko har vore inspirert av Miles på meir enn eitt vis, er velkjent, men på nemnde låt svevar også ånda til Herbie Hancock og Jack DeJohnette over vatna. Dette er ein kandidat til årets plate, spelt inn i Muffathalle i München for mest 20 år sidan.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Tomasz Stanko Quartet:
September Night
Tomasz Stanko, trompet; Marcin Wasilewski, piano; Slawomir Kurkiewicz, bass; Michal Miskiewicz, trommer. ECM
September Night er eit konsertopptak frå Unforeseen, eit symposium for improvisert musikk i München i 2004. To år tidlegare hadde Stanko gjeve ut den første plata med den polske kvartetten sin, Soul of Things (ECM). Plata blei byrjinga på eit av dei mest kreative kapitla i karrieren til Stanko. Konsertsamarbeidet mellom dei fire skreiv seg attende til 1993 og blei avslutta med ein konsert i Warszawa i 2017, året før Stanko døydde.
På plata finn ein sju originalkomposisjonar av Stanko. Det vil seia, den Corea-inspirerte «Kaetano» har dei fire skrive i lag. Låtane varierer i tempo, men også innanfor kvar låt koplar dei ettertenksame introar og improviserte parti med raske tempo.
Plata er først og fremst eit samanhengande prov på kva nivå kvartetten hadde løfta samspelet til. Eg veit ikkje kor mykje som er redigert vekk av den samla konserten, men musikken her er heilt utan kvileskjer. Spelet og samspelet er inspirert frå første til siste tone.
Det er vanskeleg å dra fram høgdepunkt frå ei plate som er sett saman av sju slike, men eg festa meg ved «Euforila» fordi det indirekte er ei hylling til Miles Davis anno 1970. At Stanko har vore inspirert av Miles på meir enn eitt vis, er velkjent, men på nemnde låt svevar også ånda til Herbie Hancock og Jack DeJohnette over vatna. Dette er ein kandidat til årets plate, spelt inn i Muffathalle i München for mest 20 år sidan.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Nicolai Heiberg-Evenstad og Markus Lund er yngre enn fedrane sine, men likevel gode.
Foto: Norsk bridgeforbund
«Bridge er så vanedannande og tidkrevjande at det kan gå på kostnad av både studium, arbeid, kjærleiksliv, eigne born, barneborn og liknande.»
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement