Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Jazz
Wako:
Evig liv, perfekt orden
Martin Myhre Olsen, saksofonar; Kjetil A. Mulelid, piano; Bárdur Reinert Poulsen, bass; Simon Olderskog Albertsen, trommer.
Øra Fonogram
Med den sjuande plata si stadfester Wako inntrykket av fire musikarar som trivst i lag. Dei har alt skrive seg inn i jazzsoga med fleire interessante utgjevingar, og med Evig liv, perfekt orden syner dei formatet sitt med ei tvers igjennom akustisk plate. Her er det jazz for alle pengane, rett fram og liketil.
Martin Myhre Olsen har levert seks av ni låtar, alle med særpreg, men «Amerika» fascinerer meir enn dei andre, for dette er, tilsikta eller ikkje, ei vørdsam hylling av Keith Jarretts amerikanske kvartett. Poulsen har signert opningssporet «Folk» med ein aldeles nydeleg og ettertenksam pianointro, og Mulelid står for den raske og lettbeinte «Drifting» og den patosfylte balladen «Solskinnet». «Livet på Oslo S» er ein spontan improvisasjon.
Det er eit vidt spenn i repertoaret, men felles for dei fleste er at temaa er lette å hugsa og lette å lika. Alle låtane opnar for lange improviserte strekk, men minst like viktig er den frie samtalen mellom dei fire. Her kan ein fortapa seg i ei endelaus rekkje detaljar.
Wako inviterer oss inn i musikken til eit samspel som sprudlar. Eit slikt samspel får ein berre servert av band som har lang fartstid, og som framleis finn meining i det dei gjer. Det friske og sprudlande blir understreka av eit lydbilete der lyttaren kjem tett på. Wako er i ferd med å skaffa seg evig liv med den perfekte musikalske uordenen sin.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Wako:
Evig liv, perfekt orden
Martin Myhre Olsen, saksofonar; Kjetil A. Mulelid, piano; Bárdur Reinert Poulsen, bass; Simon Olderskog Albertsen, trommer.
Øra Fonogram
Med den sjuande plata si stadfester Wako inntrykket av fire musikarar som trivst i lag. Dei har alt skrive seg inn i jazzsoga med fleire interessante utgjevingar, og med Evig liv, perfekt orden syner dei formatet sitt med ei tvers igjennom akustisk plate. Her er det jazz for alle pengane, rett fram og liketil.
Martin Myhre Olsen har levert seks av ni låtar, alle med særpreg, men «Amerika» fascinerer meir enn dei andre, for dette er, tilsikta eller ikkje, ei vørdsam hylling av Keith Jarretts amerikanske kvartett. Poulsen har signert opningssporet «Folk» med ein aldeles nydeleg og ettertenksam pianointro, og Mulelid står for den raske og lettbeinte «Drifting» og den patosfylte balladen «Solskinnet». «Livet på Oslo S» er ein spontan improvisasjon.
Det er eit vidt spenn i repertoaret, men felles for dei fleste er at temaa er lette å hugsa og lette å lika. Alle låtane opnar for lange improviserte strekk, men minst like viktig er den frie samtalen mellom dei fire. Her kan ein fortapa seg i ei endelaus rekkje detaljar.
Wako inviterer oss inn i musikken til eit samspel som sprudlar. Eit slikt samspel får ein berre servert av band som har lang fartstid, og som framleis finn meining i det dei gjer. Det friske og sprudlande blir understreka av eit lydbilete der lyttaren kjem tett på. Wako er i ferd med å skaffa seg evig liv med den perfekte musikalske uordenen sin.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.