Musikk
Spegel i spegel
Eit knippe markante artistar tolkar klassikaren The Velvet Underground & Nico.
Nico og The Velvet Underground i glansdagane, frå venstre Christa Päffgen, Sterling Morrison, John Cale og Lou Reed.
Pressefoto
Kva var det med The Velvet Underground? Kvifor har plata bandet laga saman med Nico, The Velvet Underground & Nico (1967), slik ein udiskutabelt solid og sentral plass i kvart forsøk på å lage ein kanon over dei viktigaste utgivingane gjennom tidene?
2021 er visst året då vi verkeleg skal få komme (endå) djupare inn i desse spørsmåla. Om tre veker har musikkdokumentarfilmen The Velvet Underground, regissert av Todd Haynes, TV-premiere, etter at filmen hausta gode kritikkar på Cannes-festivalen i sommar. Og i dag kjem I’ll Be Your Mirror: A Tribute to The Velvet Underground & Nico ut, eit album der fleire av samtidas mest markante artistar tolkar låtane på klassikaren frå 1967, som også hadde eit omslag som vel fortener karakteristikken ikonisk, pryda som det var av Andy Warhols banan.
Spist og mjukt
Ein variant av det ganske så gjennomsiterte bananmotivet figurerer også på coveralbumet, som for å kunne lukkast må ta vare på både det spisse og det mjuke, det sprakande og det funklande, det sofistikerte og kompromisslaust råe, slik det motsetnadsfullt eksisterte side om side på plata Lou Reed (1942–2013), John Cale (1942–), Sterling Morrison (1942–1995) og Maureen Tucker (1944–) laga saman, med ein definerande vokal frå den tyske vokalisten Christa Päffgen (1938–1988), meir kjend som Nico, på «Femme Fatale», «All Tomorrow’s Parties» og «I’ll Be Your Mirror» (og på «Sunday Morning», då som korist).
Og det kan vel ikkje gå gale når Sharon Van Etten gjer «Femme Fatale», eller når vi får ein versjon av «I’ll Be Your Mirror» signert Courtney Barnett? Nei, det kan ikkje det. Van Etten tek tempoet ned, ganske så kraftig også, og dosar på med tunge pianoakkordar, og ho har med seg ingen ringare enn Angel Olsen på kor.
Barnett høyrest meir ut som Reed enn som Nico, der ho gjer sin ganske kule, nedpå og rett-fram vri på den litt vrine speglinga det trass alt dreier seg om. Det er mykje å glede seg over her, for ringrevar som Michael Stipe (R.E.M.), Matt Berninger (The National), Andrew Bird og Lucius, Kurt Vile, St. Vincent og Thomas Bartlett, Thurston Moore, King Princess, Fontaines D.C., Iggy Pop og Matt Sweeney er alle med.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.