JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Sorgkunst

Liding treng berre fire tonar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mezzosopranen Marianne Beate Kielland.

Mezzosopranen Marianne Beate Kielland.

Foto: Liv Øvland

Mezzosopranen Marianne Beate Kielland.

Mezzosopranen Marianne Beate Kielland.

Foto: Liv Øvland

2687
20220128
2687
20220128

CD

Frescobaldi, Monteverdi, Sances, Mealli, Rossi, Leonarda, Merula, Uccellini, Kaps­berger, Ferrari, Cesti:

Lamento

Marianne Beate Kielland, mezzosopran; Oslo Circles; Lawo 2022

Fire fallande tonar – det skal ikkje meir til for å framkalla kjensla av sorg og sakn i barokkmusikken. Plasserer ein dei i bassen og spelar dei i lågt tempo med stadige repetisjonar, har ein ein såkalla «lamento»-bass. Det skal godt gjerast å finna nokon italiensk 1600-talsopera utan minst éin slik klagesong, som ofte berre blir kalla «lamento». Også i kyrkjemusikken blei satstypen populær.

Lamento er òg namnet på ensemblet Oslo Circles’ nye album, der dei har sett saman ulike vokale lamenti med høvande instrumentalstykke. Med seg har dei mezzosopranen Marianne Beate Kielland, ein av våre stilistisk mest allsidige songarar. Kjenner du til fleire enn tre av dei i alt elleve komponistane, er du god.

Svell på tonen

Originalinstrumentensemblet Oslo Circles består av fem musikarar, fordelte på to fiolinar, cello (eller viola da gamba), lutt og cemblao (eller orgel). Det fyrste eg tenkte då eg sette på opningssporet, Girolamo Frescobaldis (1583–1643) Canzone quarta a 2 canti, er at ein sjeldan høyrer fiolinistar spela med så lite vibrato. Klangen til Astrid Kirschner og Maria Ines Zanovello er slank og klår som på orgel, men ikkje hard, for dei svell fint på dei lange tonane.

Den homogene ensembleklangen kjem spesielt godt fram i Salamone Rossis (1620–1669) Sinfonia grave a 5. Denne tener som forspel til det mest kjende nummeret på plata: Claudio Monteverdis (1567–1643) «Si dolce è’l tormento» («Så søt er lidinga mi»), som blir sunge ukunstla og vakkert – sjølv om melodien fint kunne tolt at frasane blei strekte lenger enn det Kielland her gjer.

Tvitydig

«Si dolce è’l tormento» er ikkje nokon lamento i streng tyding, altså med lamento-bass der fire fallande tonar blir repeterte. Lamenti finst i utbroderte former, mellom anna der dei fire tonane blir delte opp gjennom halvtonar. Basslina blir då kromatisk og endå meir uttrykksfull. Dette høyrer me mellom anna i Stabat Mater-tonesetjinga til Giovanni Felice Sances (ca. 1600–1679).

Dette er nok det kompositorisk mest konvensjonelle på plata. I andre enden av skalaen står «Hor ch’è tempo di dormire» («No når det er tid for å sova») av Tarquinio Merula (1595–1665), som er noko av det underlegaste eg har høyrt frå denne perioden. Bassen har ikkje fire tonar som blir gjentekne, men berre to, og dei er ofte så dissonante i høve til songstemma at harmoniane blir tvitydige og diffuse.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

New York-politiet storma 30. april Hamilton Hall ved Columbia University for å kaste ut Gaza-aktivistane som okkuperte bygningen.

Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Guds vreide over Columbia

Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis