Songen frå setra
Plassen byr på lokking som arbeidsreiskap og kunstform.
Folkemusikk
Synnøve Brøndbo Plassen:
Den lyse dag
Heilo
Den første soloplata til folkesongaren Synnøve Brøndbo Plassen inneheldt slåttetralling frå heimbygda Folldal i Østerdalen. På denne plata er seterlivet hovudtema. Ku-, sau- og geitelokkar er det mange av, men òg eit par salmar, viser, barneregler og litt slåttetralling. Alt dette er songar som har vore nytta på setra.
Medan desse songane i det gamle bondesamfunnet var ein integrert del av arbeidsliv og tidtrøyte, er dei her sette inn i ein annan samanheng: Det er tale om ein profesjonell utøvar (utdanna ved Noregs musikkhøgskole) som har dette som kunstform, med plateutgjevingar som ein viktig formidlingsmåte.
Dermed vert dette litt som arbeidsreiskapar og brukskunst på museum: Elementa vert tekne ut av den opphavlege samanhengen og gjorde til estetisk objekt eller kulturhistorisk symbol.
Men det som gjer dette prosjektet annleis, er at utøvaren faktisk har eigne røynsler frå seterbruk og tilhøyrande songtradisjon. Dette vert fint presentert i det timeslange radioprogrammet «Lokk og laling med Synnøve Brøndbo Plassen», som er tilgjengeleg på nettsidene til NRK.
Plateomslaget har eit fyldig teksthefte med historiske fotografi og detaljerte opplysningar om kjelder og brukssamanhengar. Atter ein god grunn til å kjøpa fysiske eksemplar framfor digitale versjonar.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.