Musikk
Song for vår tid
Veteranen Rodney Crowell har laga plate på loftet hos Jeff Tweedy i Chicago.
Rodney Crowell har skrive mange sterke låtar, meiner Øyvind Vågnes.
Pressefoto
Trøytt av strid og splid, av hat og desinformasjon? Då er du i tilfelle sams om det med Rodney Crowell, som i «Ready to Move On» gjer det heilt klart at han har fått nok av dei rivande motsetnadene som kjenneteiknar det politiske og kulturelle klimaet i heimlandet USA. Songen tek markant avstand frå fastlåst posisjonering, i det som etter mitt syn er ei av dei mest velskrivne strofene så langt i år, ja, tankane går rett og slett til John Lennon.
Crowell seier eit rungande nei til polarisering, heilt konkret, i verseline etter verseline, og frå meg skal han berre få ja takk og amen: «No character fault, no pillar of salt, no point of attack, no knife in your back», heiter det på tampen av plata som kjem ut i dag, The Chicago Sessions: «I’m ready to move on.»
Balanserande kraft
Alt dette vert artikulert ikkje med eit brøl, men med balansert kraft, og det frå ein mann som ikkje akkurat er ung lenger: 72-åringen Crowell er ein av desse typane ein trygt kan kalle veteran, han er ein av gamlekarane, ein av desse som ikkje er veldig breitt kjend, men som nyt ein eigen integritet mellom medmusikarar og lyttarar som har dukka djupt nok ned i americanatradisjonen.
Crowell kjem frå Houston i Texas, men etablerte seg i Nashville tidleg på 1970-talet, og du vil ha høyrt fleire av songane hans framførte av andre meir kjende artistar. Dei siste åra har det kome nokre sterke plater frå den kanten, seinast Triage for eit par år sidan.
Ein kveld i Woodstock
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.