Musikk

Som cyanid i eit isoporbeger

Cat Power har laga sitt tredje album med coverversjonar.

Cat Power syng gamle songar om att.
Cat Power syng gamle songar om att.
Publisert

Populærmusikkens historie er rik på songar om kjærleik som ikkje vert gjengjeldt, men berre somme av dei vert ståande. Det er kanskje ikkje så rart. Det er vanskeleg å seie det som har vorte sagt tusen gonger før, på ein ny måte.

Likevel var det akkurat det Frank Ocean fekk til med «Bad Religion», som var å finne på debutalbumet Channel Orange (2012). «If it brings me to my knees/ it’s a bad religion», heiter det i songen, som samanliknar sjølvdestruktiv «einvegskjærleik» med å ta gift: «It’s nothing but a one-man cult/ and cyanide in my styrofoam cup/ I can never make him love me.»

Songen er fortald frå baksetet i ein drosje, vendt til sjåføren, som i ei slags skriftestund. Men mannen bak rattet kan ikkje få demonane vekk: «Allahu akbar», er svaret, «you need prayer».

Smart låtval

Når Cat Power løftar fram songen eit knapt tiår seinare, er det Gud taxisjåføren peikar i retning mot, og songen plasserer seg (i alle fall for denne lyttaren) i sørstatane mennesket bak artistnamnet, Chan Marshall, vaks opp i. Framført med kvinnerøyst over eit dempa rockekomp, med desse små, men vesentlege justeringane, vekkjer songen nye assosiasjonar og konnotasjonar, men gjer like sterkt inntrykk, sidan smerta i kjernen av songen er den same.

Det er eit smart låtval av ein erfaren artist med eit godt blikk for den særeigne krafta ei nytolking kan ha. Så er då også dette tredje gongen Cat Power lagar eit album med tolkingar av andre artistar. I 2000 kom The Covers Record, og åtte år seinare Jukebox. Eit av høgdepunkta på den førre studioplata The Wanderer (2018) var ei tolking av Rihannas «Stay». Å seie at Marshall gjer songane ho tolkar til sine, kjennest litt som ein uunngåeleg klisjé. Røysta og inngangen til materialet tilfører det kvalitetar som kjenneteiknar det særeigne uttrykket som er hennar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement