Sollids univers
Meson er langt unna den musikalske allfarvegen.
Torgrim Sollid.
Foto: Thomas Winther Andersen
Jazz
Torgrim Sollid:
Meson
Torgrim Sollid, trompet og vokal; Elin Rosseland og Ingeborg Gravem Sollid, vokal: Andreas Wildhagen, trommer. Roselyd
Med utgjevingane til prosjektbandet Søyr har Torgrim Sollid for alltid sikra seg ein plass i norsk jazz. Som primus motor i prosjektet Østerdalsmusikk (Mai, 1975) var han med på å skapa interesse for norsk folkemusikk i jazzkrinsar.
I dei seinare åra har Sollid vore mest oppteken med å undervisa, og med unnatak av dei to platene med Warne Marsh har han spelt inn lite med små band. Å runda 80 år kan vera eit passande høve til å gjera noko med dette.
Meson er ein type elementærpartikkel som tek del i sterke vekselverknader og som lett desintegrerer, kan Store norske leksikon fortelja. Sollid har såleis funne eit høveleg namn på plata. Ved første gjennomhøyring opplevde eg eit deja vu. Eg kjende det slik at bandet tok meg 50 år attende i tid, til dei første møta mine med europeisk frijazz. Dette er så absolutt eit originalt uttrykk, men eit uttrykk så fullstendig reinsa for elektronikk, så fullstendig fokusert på stemmene og instrumenta at det gav meg ei kjensle av å gå attende i tida.
Komposisjonane består stort sett av korte melodiske fragment og stemningar som ofte endrar karakter. Pulsen i musikken kjem og går. Kvartetten har ei utprega assosiativ tilnærming til det å laga musikk. Det er fascinerande å vera med på ferda. Stor takk skal også lydteknikar Thor Bjørn Neby ha for å vera 100 prosent på bølgelengd heile tida.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Torgrim Sollid:
Meson
Torgrim Sollid, trompet og vokal; Elin Rosseland og Ingeborg Gravem Sollid, vokal: Andreas Wildhagen, trommer. Roselyd
Med utgjevingane til prosjektbandet Søyr har Torgrim Sollid for alltid sikra seg ein plass i norsk jazz. Som primus motor i prosjektet Østerdalsmusikk (Mai, 1975) var han med på å skapa interesse for norsk folkemusikk i jazzkrinsar.
I dei seinare åra har Sollid vore mest oppteken med å undervisa, og med unnatak av dei to platene med Warne Marsh har han spelt inn lite med små band. Å runda 80 år kan vera eit passande høve til å gjera noko med dette.
Meson er ein type elementærpartikkel som tek del i sterke vekselverknader og som lett desintegrerer, kan Store norske leksikon fortelja. Sollid har såleis funne eit høveleg namn på plata. Ved første gjennomhøyring opplevde eg eit deja vu. Eg kjende det slik at bandet tok meg 50 år attende i tid, til dei første møta mine med europeisk frijazz. Dette er så absolutt eit originalt uttrykk, men eit uttrykk så fullstendig reinsa for elektronikk, så fullstendig fokusert på stemmene og instrumenta at det gav meg ei kjensle av å gå attende i tida.
Komposisjonane består stort sett av korte melodiske fragment og stemningar som ofte endrar karakter. Pulsen i musikken kjem og går. Kvartetten har ei utprega assosiativ tilnærming til det å laga musikk. Det er fascinerande å vera med på ferda. Stor takk skal også lydteknikar Thor Bjørn Neby ha for å vera 100 prosent på bølgelengd heile tida.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Fiskemiddag: Ja, men pass på – det er ikkje berre paneringa som skjuler noko her.
Foto: Pxhere.com
Du skal aldri, aldri, aldri skode fisken på pakningen.
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.
Foto: Gyldendal
Erfaringar av tap og nytt liv
Debutdikta til Anngjerd Rustand eig omhug for omverda og er skrivne med klårleik og vent, sanseleg nærvær.