Musikk
Sola som brenn
Perfume Genius gir ut musikk laga til ei danseførestilling på plate.
Med det nye albumet til Perfume Genius følgjer ein kortfilm laga av Jacolby Satterwhite.
Pressefoto
Med «Teeth», det tredje sporet på Ugly Season, har Perfume Genius laga det som for meg står som nokre av dei finaste minutta med musikk i 2022. Mest av alt er songen merkt av røysta til Mike Hadreas, som kjem heilt under huda og her får utfalde seg over eit vart klokkespel som etter kvart vert forløyst i eit elegant orkesterarrangement. Det dreier seg om pop på sitt mest inderlege, med subtile og komplekse klangbotnar.
Det var med No Shape (2017) eg først fekk auga opp for Perfume Genius, eit album som utforska kjønnsidentitet og tok tradisjonelle kjønnsroller opp til diskusjon på friskt vis, gjennom ein miks av gamle og nye tropar i den nordamerikanske populærmusikalske tradisjonen.
Smalt og breitt
Hadreas er ein type artist som når smalt og breitt om kvarandre – han fyller sveitte, små klubblokale før han dukkar opp på mainstream-TV om kvelden, hos Kimmel, Colbert og Fallon. Musikken samla på Ugly Season er skriven og komponert til koreografen Kate Wallichs danseførestilling The Sun Still Burns Here, som vart framført i Seattle, Minneapolis, New York og Boston i 2019. På den tida sleppte Perfume Genius frå seg eit par smakebitar, «Pop Song» og «Eye in the Wall», låtar som – i likskap med den kanskje mest kjende songen til artisten, «Queen» – viser eit godt grep om det fengjande, det dansbare. Hadreas kan det å skru saman ein hit om han vil.
Nye sider
Desse songane representerer likevel berre éi side av rike Ugly Season, som andre stader nærmar seg den instrumentale samtidsmusikken («Just a Room», «Scherzo»), og rommar ei ny breidde i uttrykket til Perfume Genius. Arbeidet vitnar om ein artist som heile tida er på utkik etter å finne nye sider av seg sjølv og som også har ein skarp teft for samarbeid på tvers, gjerne utanfor musikken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.