Musikk

Søkjande

Ssens Trio spelar norsk 1900-talsmusikk etter klassiske mønster.

Det norske ensemblet Ssens Trio, som blei stifta i 2014.
Det norske ensemblet Ssens Trio, som blei stifta i 2014.
Publisert Sist oppdatert

Ricercare, heiter Ssens Trios album med fire norske komponistar fødde på 1900-talet. Verka er for fiolin, bratsj og cello, instrument som blir trakterte av høvesvis Sølve Sigerland, Henninge Landaas og Ellen Margrete Flesjø. Albumtittelen er treffande. Det italienske omgrepet ricercare (å «søkja» eller «utforska») blei på 1500- og 1600-talet nytta om instrumentale versjonar av polyfon vokalmusikk (motettar). Jamvel på 1700-talet blei det brukt, om lærde instrumentalverk, som i J.S. Bachs Musikalisches Opfer, der det er to ricercarar i fugeform.

Å nytta ricercare-namnet inneber altså ein referanse til gamle komposisjonsteknikkar. Av dei fire verka på plata er det berre det siste og nyaste som faktisk heiter det. Men, som musikkvitaren Arvid O. Vollsnes skriv i sin gode omslagstekst, kunne også dei andre ha bore tittelen. Alle komponistane nyttar nemleg neoklassisk musikkspråk med barokke og wienerklassiske førebilete, noko som blir stadfest av den gjennomgåande bruken av italienske satsnamn.

Motorisk driv

Johan Kvandals (1919–1999) Trio for strykere, op. 12 (1950), er kanskje ein freistnad på ei frigjering frå mellomkrigstidas nasjonale line i musikken. Fyrstesatsen «Allegro moderato» byrjar polyfont med barokt dansepreg. Tyngd og melankoli pregar andresatsen «Adagio non troppo», som er kjenneteikna av songlege liner og vakker balanse mellom stemmene. Sistestasen «Allegro» har atter barokkmusikkens rytmisk-motoriske driv, med lekre kontrastar mellom mørke mollparti og lystige durpassasjar.

Sigerland, Landaas og Flesjø spelar verket med artikulatorisk lette og kvikk reaksjonsevne i samspelet – som om dei skulle framført Haydn. Eg har ikkje høyrt Kvandals trio før, men kan ikkje tenkja meg ei betre framføring.

Skjemtande

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement