Musikk
Sobert spel
Friare fraseringar hadde gjort Mozart-tolkinga til Beauséjour meir fengande.
Luc Beauséjour er både organist, cembalist og hammerpianist.
Foto: Patrick Young
På 1700-talet var det tyske ordet Clavier ei samlenemning. Dette var før spesialiseringstida, og dei fleste yrkesmusikarar fungerte som musikalske allmennpraktikar. Ein clavierist handsama såleis fleire klaverinstrument (frå latin clavis, «tangent», eigentleg «nøkkel»). Dette omfatta klavikord, cembalo, orgel og – i andre helvta av hundreåret – nyvinninga hammarklaver. Denne forløparen til vårt moderne flygel er det kanadiaren Luc Beauséjour nyttar på sitt nye album.
Wolfgang Amadeus Mozarts (1756–1791) far, fiolinisten Leopold Mozart, hadde nok ynskt seg at sonen var meir allmennpraktikar. Jo meir allsidig ein var, jo lettare var det å få seg stilling som hoff- eller kyrkjemusikar. Les me breva han sende til «Wolferl», den koselege diminutiven familien nytta på Wolfgang, og som tyder «vesleulv», kjefta han stadig på ungguten for at han ikkje øvde nok på fiolin.
Fantasering
Men det var altså ikkje med strykeinstrument, men klaverinstrument Wolfgang skapte seg eit namn som virtuos. Og for virtuosar var det ikkje nok å framføra ferdigkomponerte fugar og sonatar med akkuratesse og overskot. I motsetnad til vår tids klassiske musikkliv måtte musikarar òg kunna improvisera (eller «fantasera», som var samtidas omgrep), gjerne over eit musikalsk tema gjeve av publikum. Slike tema med variasjonar lét virtuosane òg gjerne prenta. I tida før lydopptaket var jo dette einaste høve til å nå ut til fleire enn dei som sat i salen.
Beauséjour kan kallast ein moderne clavierist. Som utøvar handsamar han nemleg både orgel, cembalo og hammarklaver. På Célèbres sonates et fantaisie spelar han altså hammarklavar, på ein kopi av eit instrument av Anton Walter, Mozarts yndlingsklaverbyggar i Wien. To av verka på plata er av den improvisatoriske typen me kan førestilla oss at Mozart imponerte wienarpublikummet med: Fantasi i d-moll, KV 397, og Sonate nr. 11 i A-dur, KV 331.
Meir barbari
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.