Smått og godt
Fransk orgelmusikk er ei eiga verd.
Koparstikk frå boka «L’art du facteur d’orgues» av François Bédos de Celles (1709–1779). Her ser me kalkanten og organisten i aksjon.
CD
Jean-François Dandrieu:
Premier livre de pièces d’orgue
Pieter-Jan Belder, orgel.
Brilliant Classics 2023
Barokken var orgelets gullalder, både når det gjeld instrumenta og komposisjonane. At orgelet var den mest avanserte maskina menneskeslekta til då hadde skapt, verkar innlysande når ein veit om den intrikate mekanikken som måtte til for å operera store instrument. Det i Nikolaikyrkja i Hamburg frå 1680-talet, til dømes, hadde heile 67 register, fire manual (klaviatur), pedal og meir enn 4000 piper.
Prosessen med å omgjera luft til musikk var komplisert. Den såkalla vindforsyninga kom i stand ved at nokon pumpa lufta med svære belgar. Slike belgtrøarar hadde eit eige yrkesnamn, nemleg kalkantar. Vindladen fordelte så lufta til pipene, og trakturen var mekanismen som batt saman vindladen og spelepulten. Denne spelepulten, der organisten sat, var «operasjonssentralen» for det heile. Så hadde ein orgelhuset, altså veggene og fasaden som omslutta instrumentet. Den forseggjorde fasaden, som lik triumfbogen sameinte skulptur og arkitektur, var orgelets visuelle uttrykk.
Kor mange einskilddelar eit slikt orgel var sett saman av, tør eg knapt tenkja på.
Eiga verd
Det var i det protestantiske Nord-Europa orgelkulturen stod sterkast. Men også det katolske Frankrike hadde storfelte orgel, sjølv om det der spelte ei ganske anna rolle. I lutherske land var orgelet den lydlege berebjelken som stødde opp under salmesongen, og det fungerte også som konsertinstrument. I Frankrike, derimot, var det heilt bunde til liturgien, og då berre med stutte mellomspel. Fransk orgelmusikk er difor ei eiga verd, som for dei fleste – inkludert meg – verkar ganske ukjend.
Ansatsar
Nederlendaren Pieter-Jan Belder gjev oss på dobbeltalbumet sitt eit blikk inn i denne verda. Han er kjend som cembalist, fløytist og dirigent, men er altså også ein dugande organist. Musikken er frå samlinga Premier livre de pièces d’orgue av Jean-François Dandrieu (1682–1738), organist ved det kongelege kapellet i Paris. Den inneheld seks suitar og seks sett med mellomspel til magnificat-songen i gudstenesta (Marias lovsong frå Lukasevangeliet).
Store preludium og fugar à la Buxtehude og Bach manglar heilt. Slike hadde då heller ikkje passa inn i den katolske liturgien. I staden høyrer me ei mengd småsatsar, ja, nærast ansatsar, som ofte endar abrupt, utan noka verkeleg utvikling. (Innspelinga har til saman heile 63 spor.) Verdslege dansestykke, som menuettar og gavottar, er der underleg nok også mange av.
Belders spel – på eit orgel frå 1779 i Vézelise nordaust i Frankrike – er det ikkje noko å seia på. Han fraserer fleksibelt, med klår artikulasjon i melodiane, og dei snøgt skiftande stemningane mellom satsane får han godt til.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.