JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Slett ikkje doomt

Musikken til Black Debbath er det alvorlegaste som finst.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1880
20221014
1880
20221014

Metal

Black Debbath:

Age of Kørka

Duplex Records

Black Debbath er eit norsk doom metal-band elta i hop av Egil Hegerberg, Lars Lønning, Aslag Guttormsgaard og Ole Petter Andreassen. På Age of Kørka, det niande studioalbumet deira, får problema innetter i det alternative høgre med omland gjennomgå, og fy fire fjerdedels fillern, denne plata er fullstendig fy faderullandullandei framifrå.

Hysterisk hykleri

Sporet «Sutringsfrihet» tar tak i det hysteriske hykleriet og den djupe kognitive dissonansen i den offentlege debbathen om «ytringsfridom» og «sensur», og i bluesrockballaden «Sannhetens brød» blir vi servert oppskrifta (i hakkebakkeskogstil) på sanninga sitt lettfordøyelege brød: ta ein bolle rykte og forhasta konklusjon, slepp i ei klype sensasjon, fire knivsoddar fordom, ein desiliter trass, eit hekto lese på Facebook og litt tabloid journalistikk, men unngå kjeldekritikk.

Tittelsporet «Age of Kørka» er eit sløgt stykke crust punk: I høgna tempo vert det hylt høglydt på The Julekalender-språk om ymse sløkte høgrevridde fenomen, og i musikkvideoen set fortumla, oppblåste og uttørka kneipbrødskallar fyr på jordskorpa ved eit uhell eller tre. Opp sann, det var doomt, og på «Hobby dommedagsprofet» blir sjangernemninga «doom metal» meir bokstaveleg enn nokosinne: «Kva er greia med dommedag? Det finst jo verre ting», vert det vitsa med i introduksjonen.

Eg har skrive det før, men skriv det igjen: Som Einar Guldvåg ein gong sa i Mørkets opplevelser på NRK P2, og som Weird Al Yankovic og Flea var inne på i dokumentarfilmen The Sparks Brothers, er humor noko av det alvorlegaste som finst. Dermed tilseier absolutt all logikk at Black Debbaths musikk er noko av det alvorlegaste som finst.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er tromme­slagar, kunstnar, DJ og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis