Musikk
Slepp ikkje taket
Aldous Harding lagar snurrige, originale, uføreseielege og elegante songar.
Aldous Harding kjem med nytt album fredag 25. mars.
Pressefoto
Det er herleg, opningssporet på Aldous Hardings nye album Warm Chris, for kven innleier ei plate med ein vimsete, uutgrundeleg, men akk så kul låt titulert «Ennui»? Ordbøkene vil fortelje deg at ordet peikar mot ei sløv, utilfreds kjensle av at ein ikkje har noko å gjere og manglar interesse for det meste.
Keisemd, altså, heilt i anslaget, men Hardings songar er det motsette av keisame. Dei er snurrige, originale, uføreseielege og elegante. Eg lyttar og frydar meg over dei stadig nye vegane Warm Chris fører meg, ei plate som saktens skal få mange rundar på spelaren framover våren.
Harding, som eigentleg heiter Hannah Topp, er frå New Zealand, men har budd i Wales i nokre år no, og dette er hennar fjerde studioplate. Eg skreiv først om henne på desse sidene etter at debuten Aldous Harding (2014) kom ut, ei plate ho produserte i lag med landsmannen Marlon Williams, som gjorde det tydeleg at det her dreidde seg om ein markant låtskrivar og ein vokalist med eigenart.
Sparsamt folkuttrykk
Då eg nyleg lytta til songane igjen, vart eg slegen av kor tydeleg dei plasserer seg i eit sparsamt folkuttrykk. «Stop Your Tears», til dømes, let ikkje ekkotunge vokalharmoniar (ved Williams) skugge for ei enkel klimpring på ein kassegitar eller den særeigne røysta til Harding, som gir assosiasjonar til ein songar som Karen Dalton. Uttrykket rommar både det vevre og det melodramatiske, med eit umiskjenneleg alvor.
Store sprang
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.