Musikk
Slepande korsatsar
Den fyrste konserten i Bachfests hovudserie innfridde berre delvis.
Christoph Spering dirigerer i Nikolaikyrkja, den eine av Leipzigs to hovudkyrkjer.».
Foto: Gert Mothes / Bach-Archiv Leipzig
Den fyrste av dei 16 koralkantate-konsertane under årets festival opna med det fyrste verket i Bachs koralkantateårgang: Den mektige O Ewigkeit, du Donnerwort, BWV 20, som blei urframført 11. juni for tre hundre år sidan i Nikolaikyrkja, der konserten førre fredag fann stad. For komponisten var denne junidagen i 1724 ein personleg merkedag, for han markerte eittårsjubileet for kantorstillinga hans i Leipzig.
O Ewigkeit, du Donnerwort opnar med ein monumental korsats i form av ein fransk operaouverture med punkterte rytmar i staseleg skridande tempo. Dette er ikkje tilfeldig, for Bach ynskte nok slik å markera at sceneteppet gjekk opp for det nye musikalske kyrkjeåret 1724/1725, som i Leipzig byrja fyrste sundag etter pinse, på treeiningssundagen, som i gamal språkbruk blir kalla trinitatis.
Mykje legato
Dirigenten Christoph Sperings framføring med Chorus Musicus Köln og Das Neue Orchester slo også an ein staseleg tone. Men etter kvart blei det tydeleg at han ikkje heilt trefte grunnstemninga i satsen. Tempoa var for slepande og den gjennomgåande legato-fraseringa dempa kontrastane. Også bassarien «Wacht auf» (Vakn opp), med den fanfareaktige trompetstemma, mangla spenst. Teknisk var det heller ikkje slik det skulle, for trompetsolisten sleit med den virtuose soloparten, og bass-solisten Daniel Ochoa mangla kraft og i det djupe songregisteret.
Dramatisk tenor
Dei andre songsolistane var betre, særleg islendingen Benedikt Kristjánsson. I tenorarien «Durch Feuer wird das Silber rein» (Gjennom eld blir sølvet reint) frå Ach Gott, vom Himmel seih darein, BWV 2, hadde han det rette dramatiske uttrykket, med klår, god klang gjennom heile registeret. Også Markus Kaufmann, kantoren i Nikolaikyrkja, presterte godt i orgelforspela han innleidde kvar av dei fire kantatane med.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.