Musikk
Slagkraftig sjangerutfordring
Den puertoricanske rapparen Villano Antillanos debutalbum utfordrar sjangersedvanar og kjønnsrollemønster.
La Sustancia X er debutalbumet til den puertoricanske rapparen Villano Antillano. Både tittelen og superheltkostymet artisten er iført på coveret, refererer til teiknefilmserien Powerpuff Girls.
Der blir hovudpersonane utsette for ein substans kalla Chemical X som gir makt til å overvinne vonde tendensar med feminin superkraft.
Opningssongen, «Pre-caución, esta canción es un hechizo», syner straks Villano Antillanos kraft og virtuositet som rappar. Hurtige spanskspråklege vendingar med presist attakk som skaper dei mest spenningsladde støytane, flyt uanstrengt over drivande seige trap beats. Kontrasten i stemmebruken mellom vers og refreng er massiv og nærast umerkeleg på same tid. Sporet som følgjer, «Hedonismo», aukar tempoet eit par hakk og er blytungt funky. «Cáscara de Coco» og «Kaleidoscópica» vert drivne av tunge, spretne reggaetónrytmar og snertne gitar- og marimbosnuttar.
Det slagkraftige og dramatiske trap-reggaetón-lydbiletet held fram til og med sjuande spor, «¡Hello Kitty!» – nok ein popkulturreferanse som understrekar den flytande kjønnsidentitetstematikken, før albumet tar ein sving inn mot rockterritoriet: «Puesta» (med La Dame Blanche på gjestevokal) har vrengd metalgitar og intense vokalharmoniar med røter over mesteparten av kloden i hovudrolla: Dette er hypermoderne dansemusikk med tradisjonelt krydder.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.