Musikk
Slåande tryllesleggeslag
Yaeji slår til med ei slagkraftig utforsking av blanda kjensler med komplett palett og nyansert blikk.
Yaejis debutsingel «New York ’93» kom ut i 2017, og With a Hammer er det første albumet hennar. Her konfronterer New York-artisten ein del av kjensleapparatet som vert kalla «sinne», men ikkje berre sinne: Blanda kjensler er no det vi oftast kjenner på.
Yaeji syng på ei blanding av koreansk og engelsk, og musikken inneheld element av triphop, elektronisk dansemusikk, hardtslåande rock, hardtslåande, breakcore-aktige opphakka trommerytmar, mjuke, til dels lystige melodiar, new age-fløyter, 00-tals chillout-elektronika, R&B med meir.
Syntharrangementet i opningssporet «Submerge FM» minner på underleg vis om Tsjajkovskijs Nøtteknekkaren; på avslutningslåten får Yaeji sikkeleg tilslag på den eksperimentelle balladen «Be Alone In This», spekka med fuktige vokaleffektar og klangen av melodisk slagverk.
Sinne blir i stor grad sett på som uakseptabelt i det moderne samfunnet: ei stygg og ekkel kjensle som strir mot positivitet og står i motsetnad til glede, ein del av den emosjonelle paletten som bør gøymast i mørkeret under lokket til det emosjonelle målarskrinet.
På omslaget til With a Hammer poserer Yaeji lik ein samurai med sleggje, eit verktøy som kan brukast til ymse slag slag og bank, og undertrykt sinne kan som kjent slå tilbake med renter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.