Musikk
Skuggen frå gjenferdet
Cécile McLorin Salvant reindyrkar sjangerhybriditeten på Ghost Song.
Cécile McLorin Salvant har fått Grammy-prisar for dei tre nyaste albuma.
Foto: Shawn Michael Jones
Kjærleiken er eit gjenferd i det melankolske tittelsporet på Ghost Song, det nye albumet frå Cécile McLorin Salvant. «I will carry the ghost of our love», heiter det i den elegante og gripande balladen, som munnar ut i barnesong, eit grep som av grunnar eg ikkje heilt kan gjere greie for, intensiverer tristessen over det som er tapt.
Fleire av songane på Ghost Song nærmar seg bølgjedalane eit romantisk forhold kan føre ein inn i, med ulikt temperament frå låt til låt. Anslaget, ei flott tolking av «Wuthering Heights», låten Kate Bush laga etter inspirasjon frå Emily Brontës roman med same tittel (1847, og tilgjengeleg i ei flott norsk omsetjing ved Ragnar Hovland og Øystein Vidnes frå 2019), gir atter ein gong ordet til Catherine, og hennar motsetnadsfulle tiltale til Heathcliff: «How could you leave me/ when I needed to possess you? I hated you, I loved you, too.»
Motsetnader
Det er kjærleikens motsetnader som interesserer Salvant, som fører romantikken frå dei kalde, forblåsne nordengelske myrane til parterapeutens samtalerom med ein song som «Obligation», som med sin munnrappe vokalakrobatikk reflekterer over kva slags forhold ein endar med når det er fundert på skuld og ikkje kjærleik. Det vert eit forhold tufta på plikt, konkluderer Salvant, og legg til: «Promises lead to resentment.»
Ghost Song er eit rikt album som vitnar om ein artist med eit unikt breitt register. «I Lost My Mind», til dømes, utfaldar seg i eit uttrykk som minner om den minimalistiske musikkens suggestive bruk av repetisjon og representerer ein sterk kontrast til den kresne jazzballaden som følgjer, «Moon Song». Salvant har valt eit materiale som lèt henne vise seg som tolkar og komponist om kvarandre, med sju originalkomposisjonar og fem coverversjonar, som alle tilfører Ghost Song noko eige.
Prisvinnande
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.