Musikk
Sju siste ord
Frieder Bernius får fram djupe affektar i Haydns krossmeditasjon.
Tredelt altarbilete (triptykon) av ukjend kunstnar frå 1400-talet i Rijksmuseum Amsterdam.
Den austerrikske komponisten Joseph Haydn (1732–1809) fekk oppdraget til Die Sieben letzten Worte unseres Erlösers am Kreuze frå ein kannik i hamnebyen Cádiz sørvest i Spania. Tittelen på verket kan omsetjast med «Dei sju siste orda til Frelsaren vår på krossen». Med «ord» er her meint «utsegner» – sju utsegner som Kristus ifylgje evangelia ytra på krossen. Der finst ein lang kyrkjeleg tradisjon for å nytta desse meditativt.
Fyrsteversjonen av verket blei urframført i Cádiz langfredag i 1785. Han var berre for orkester, altså instrumentalmusikk som skulle gje langfredagsmeditasjonen i kyrkja i Cádiz ein dramatisk dåm. Oratoriumversjonen for orkester, kor og solistar, som Kammerchor og Hofkapelle Stuttgart no har spelt inn under leiing av Frieder Bernius, kom derimot ikkje før i 1796. Den har dikta tekst som kommenterer evangelieorda.
Meir romantisk
For drygt tjue år sidan kom ei flott innspeling av oratoriumversjonen med Das Neue Orchester i Köln, som Christoph Spering dirigerte. Lat oss her samanlikna det nye albumet med det gamle.
I den instrumentale opningssatsen «Introduzione» komponerer Haydn retorisk, med verdige rytmiske og melodiske figurar. Dei fyrste taktane kunne vore forspelet til ein tragisk arie i ein italiensk helteopera. Spering var meir barokk i tilnærmingsmåten, både når det gjeld tempo og frasering, som om det var partituret til eit Händel-oratorium han hadde på dirigentpulten.
Han hentar ut dynamiske kontrastar, men held eit jamt tempo og lèt liksom musikken tala for seg sjølv. Bernius skrid derimot meir romantisk til verks. Greitt nok er der barokk gestikk i forte-partia, men i delane der dynamikken er svakare, sakkar han i tillegg på tempoet, og affektane er djupare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.