Musikk

Siste kveld med Levon og Mavis

Konsertopptaket Carry Me Home dokumenterer møtet mellom to gigantar.

Den siste konserten til Levon Helm og Mavis Staples har kome ut som album.
Den siste konserten til Levon Helm og Mavis Staples har kome ut som album.
Publisert

Når Levon Helm (1940–2012) løftar trommestikkene og Mavis Staples (f. 1939) hevar si ruvande røyst på «This May Be The Last Time», i eit opptak frå 2011 som i dag kjem ut på plate, er det ikkje fritt for at eg kjenner meg takksam for at stunda er dokumentert. Det svingar som berre det, sjølvsagt, men å lytte til konserten i den ombygde låven som Helm gjorde til heimestudio i Woodstock, har også eit vemod over seg, i ettertid. Mindre enn eit år seinare hadde Helm gått bort, etter fleire års kreftsjukdom, og kvelden med Staples vart mellom dei siste han fekk på ein scene.

Desse omstenda tilfører naturlegvis ein song som «This May Be The Last Time» fleire lag med meining. Songen hadde ein sentral plass i repertoaret til The Staple Singers, og Mavis Staples hadde sunge han sidan tidleg på 1950-talet. Kvelden i Helms låve er full av slike ekko, av ord og tonar som kryssar grenser mellom det som er, det som ein gong var, og det som snart kjem til ein ende.

Konsertlokale

Studioet var tenkt og bygd som ein plass der ein både kunne lage plater og invitere til konsert, og var arena for serien The Midnight Ramble, der eit par hundre heldige sjeler fekk plass kvar kveld. Eit av mine kjæraste musikkminne er oktoberkvelden eg fekk i dette rommet, to år før opptaket på Carry Me Home, i 2009, med Helm og husbandet.

Sjølve rommet opna for ein eigen nærleik, vi kom sjeldan tett på, ikkje heilt ulikt ein nabolagsfest. Repertoaret romma The Band-klassikarar og songar frå Helms soloplater, og når det verkeleg leid på kveld, dukka Rodney Crowell opp på scenen, uannonsert.

Heilt til sist, før vi svimla ut i Woodstock-natta, kom «The Weight», nummeret som også avsluttar konserten med Staples i ein storslegen versjon – ein song som har ei særleg meining for både henne og Helm. Han var først å høyre på The Bands Music from Big Pink (1968), men Steve Cropper fekk straks ideen om at The Staple Singers burde gjere ein versjon, og slik vart det, alt same år, på Soul Folk in Action (1968), ei tolking som vel var det største komplimentet låtskrivar Robbie Robertson kunne ha fått, og gav The Staple Singers ein ugløymeleg plass i The Last Waltz (1978).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement