Siste blues før våren
MF Tomlinson flyttar inn i hovudet mitt med musikken sin.
MF Tomlinson kjem frå Australia og bur i London.
Foto: Edward Cooke
Rock
MF Tomlinson:
We Are Still Wild Horses
Prah Recordings
Eg håpar verkeleg vinteren no er på tampen, nett idet eg har funne min nye vinterblues, nemleg MF Tomlinsons «Winter Time Blues», på det nye, sylskarpe albumet We Are Still Wild Horses. Ei herleg majestetisk opptakt, der delikat orkestert kammerrock får følgje av messingblåsarar av det blåaste slaget, lèt det gå lenge og vel før Tomlinson sjølv tek ordet og fortel om ein morgon av det seige slaget. Ein trur ein veit kvar ein har songen, nokolunde i alle fall, då det heile eksploderer i ein skamlaus, dekadent gitarsolo.
Lakonisk gemytt
Om dette høyrest hakket for grandiost ut, skal eg raskt leggje til at det er det ikkje, for australske Tomlinson er utstyrt med eit lakonisk gemytt, ei eiga evne til å etterfølgje ein presis, poetisk observasjon med eit skuldertrekk som får oss ned på bakken. I opningssporet «A Cloud» briljerer han som observatør på albumets kortaste spor, der utsynet frå kjøkkenglaset får tene som springbrett til tankar om stort og smått, ikkje minst livet i byen. Like herleg er apokalypsetematikken i «End of the Road», som tek oss med på gatedemonstrasjon i London, der Tomlinson er busett, og seier noko om individ og kollektiv i virusets tid.
Kanskje vert det likevel for reduktivt å kalle dette ei pandemiplate, for sjølv om den underlege tida med unntakstilstand dukkar opp på både meir og mindre openberre måtar på albumet, ikkje minst i isolasjonen som fyller vinterbluesen, så dreier det seg ikkje primært om ei epokeskildring, men vel så mykje om eit slags pandemisk bakteppe. Tomlinson er underfundig og full av sjel – virus eller ei.
Kompromisslaust
We Are Still Wild Horses har vore ein slags tilhaldsstad for meg dei siste dagane, ein state of mind, eit rom eg har vore i, anten eg no har bevegd meg rundt eller har vore i ro. At nokon framleis kan lage slik kompromisslaus, visjonær musikk, fyller meg med glede. Eg vert ikkje trøytt av dei fire komposisjonane og alt det dei rommar.
Med ei samla speletid på 41 minutt dreier det seg om ekspansivt låtmateriale, sjølv om det vert utilstrekkeleg å slå seg til ro med å plassere dette i det orkestrerte psych-rock-terrenget. Til det er det rett og slett for eventyrleg.
Avsluttande «We Are Still Wild Horses», til dømes, byr på vel 21 minutt med viltveksande, overskridande sjangerleik, men her er det ikkje berre fri ferd med fløyta som gjeld, det er plenty med heftig jazztromming, før heile greia munnar ut i ei elektronisk vifte som sender tankane til ein bestemt type meditativ elektronika.
Kvar av dei fire songane har ein sterk eigen identitet, samtidig som dei etter nokre gjennomspelingar verkeleg høyrer saman som heilskap. Det spørst om ikkje vinterbluesen vert med meg like inn i våren.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.