Seriøs humorrockeopera
Spark driv harselas med og hyller musikalformatet på same tid, og det er til å gråte av latter av.
Marion Cotillard i ei av hovudrollene i musikalen.
Foto: CG Cinema International / Tribus P Films International
Rockeopera / Dokumentar
Sparks:
Annette / The Sparks Brothers
Sony / Universal
Magisk realisme-rockeoperaen Annette er regissert av Leo Carax og har libretto og musikk av glam-, kunstrock- og synthpopbandet Sparks, som har halde den kreative gnisten i gang i over femti år og stadig har humøret intakt. Det hadde ikkje kritikaren som ropte: «Fuck you and get the hell out of Cannes» på pressevisninga i Cannes, der Annette fekk prisen for beste regi.
Sparks på si side vann César-prisen for beste originale musikk i 2022, og lydsporet inneheld litt av kvart. Det heile startar med «So May We Start», eit vampbasert stykke i repeterande klassisk Sparks-stil der eit samla musikalensemble set metatonen for det som skal kome. Og det er ikkje lite: Her får vi høyre mjuke korpusteøvingar på fødeavdelinga og hard rap om latterbiologi på 19 sekund; ein marionettbabydiva syng svulstige ariar i vektlaus tilstand; standuppublikum stemmer i med vill, melodisk latter, så i harnisk over at den etter kvart humørlause komikaren si vitsing om mord – ved kil(l)ing, sjølvmord ved å le seg i hel.
Sparks’ leikne sensibilitet er perfekt for radbrekking av musikalkonvensjonar, og dei har erfaring: Musikalhøyrespelet The Seduction of Ingmar Bergman kom på Sveriges Radio i 2009, og i dokumentaren The Sparks Brothers får vi høyre om havarerte prosjekt med regissørane Jacques Tati og Tim Burton. Godt er det at Annette kom i hamn. Hugs berre å le – kan hende er det best å sjå dokumentaren først, der både Flea og Weird Al Yancovic talar om det Einar Guldvog Staalesen ein gong sa: at humor er noko av det alvorlegaste som finst.
Dokumentaren kjem med konsertvideo som bonus; «Unlimited Edition» av Annette-lydsporet byd på spinnville demoar til glede for Sparks-fansen.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er trommeslagar, DJ, kunstnar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.