Musikk

Sensasjonelle opptak

Jazzsoga må skrivast om.

Publisert

Frå tid til anna dukkar det opp amatøropptak som gjer at jazzsoga må skrivast om. John Coltranes magnum opus, A Love Supreme, som blei spela inn 9. desember 1964 og gjeven ut ein månad seinare, blei ikkje ein del av det ordinære konsertrepertoaret til kvartetten, og det einaste kjende liveopptaket var frå jazzfestivalen i Antibes 26. juli 1965.

Nyfunne opptak

I august i år kunne plateselskapet Impulse! avsløra at det var funne eit anna opptak av den firedelte suiten frå jazzklubben The Penthouse i Seattle 2. oktober 1965. Saksofonisten og pedagogen Joe Brazil tok opp konserten med ein Ampex bandspelar og to mikrofonar på scena. Opptaka fekk plass på to rullar.

Opptaka har i overraskande grad halde seg gjennom knappe 56 år, og lyden er til dels strålande. Balansen kunne vore betre. Mellom anna er det krevjande å få med seg kva Coltrane og Sanders spelar på «Acknowledgement». For alle Elvin Jones-fans er det kjekt å konstatera at trommelyden er stroken. Plassen hans i lydbiletet er i overkant profilert.

Basskor

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement