JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Seks og eit halvt par hits

Roisin Murphys sjette soloalbum er ein forvitneleg og leiken varieté av ei plate.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1882
20230922
1882
20230922

Pop/Elektronisk

Roisin Murphy:

Hit Parade

Ninja Tune

Irske Roisin Murphy starta songkarrieren i elektronikaduoen Moloko i 1994, og i 2005 kom Ruby Blue, den første soloutgjevinga hennar. Det nye albumet Hit Parade er det sjette soloalbumet, og låtrekka passar tittelen som fot i hose.

Hit Parade er ei variert skive. Det vil seie: Kvaliteten er jamn; stilartane ho leflar med, er mangfaldige. I brorparten av spora kan tydelege merke etter sprettent tilbakelent groovy 70-talssoul, ein stor dose Motown-musikk og eit islett Prince og Lou Reed høyrast, medan den tretti sekund lange snutten «Spacetime» hamnar på den meir avantgardistiske sida med eksistensialistisk, knurrande messing av Tadhg Properzi, ein råtass av ein småtass og son til Murphy.

Med spor nummer sju, «Free Will», gjennomfører Murphy og medprodusenten DJ Koze ein lur glidande overgang til meir dansegolvvenleg materie via disco- og sambaliknande rytmar og tydeleg elektroniske basstrommer. På neste song, «You Knew», er turen inn i den elektroniske sfæren komplett: Frå minutt nummer tre er den utkropne sampleklippinga deira umiskjenneleg.

Biletmaterialet på omslaget er signert den kanadiske Mexico-baserte biletkunstnaren Beth Frey, som det skal seiast at underteikna har ein akvarell av frå 2019 hengande over sofaen, og i det området kjem han til å bli så lenge eg går rundt på denne planeten – stor fan, med andre ord.

Sidan har Frey eksperimentert med kunstig intelligens-assistert kunst, og den småpsykotiske, leikne og fargerike stilen hennar understrekar Roisin Murphys småforskrudde tilnærming: Låta «Crazy Ants Reprise» er den einaste «Crazy Ants» på denne fredsæle berg-og-dalbaneturen av eit album.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er biletkunstnar, musikar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis